Lemen
Valdresmusea |
|
|
|
|
|
- Gamal møtestad for moderne menneske -
Vi ynskjer deg velkomen til Valdresmusea! Ved dei fire avdelingane kan du ta del i ei mengd aktivitetar, utstillingar og arrangement. Den største bunad- og folkedraktutstilling i landet, faste folkemusikk- og folkedansprogram, dyr på beite, omvising i husa, tradisjonskost og friluftsteater er nokre av tilboda. Valdresmusea har elles lokalhistorisk bibliotek, studiesenter, privatarkiv, folkemusikkarkiv, instrumentverkstad, vekslande utstillingar og store fotosamlingar. Det nasjonale Bunad- og folkedraktrådet held til på Valdres Folkemuseum. Valdresmusea Bunad og Folkedraktrådet BAUTAHAUGEN SAMLINGER - HEDALENBautahaugen Samlinger er eit friluftsmuseum med gardstun, seteranlegg, husmannsplass med krambu og skuleutstilling. Her finn du mellom anna fiskebu frå Vassfaret, ei sjeldan årestove, og ei gamal kvern i Hedalselva. Bautahaugen Samlinger vart grunnlagt i 1902 og fekk namnet etter bautasteinane som vart reist til minne om kampane i 1814. Her er også «Kongesteinen» og «Dronningbordet», frå 1905. Omvising alle dagar (ikkje måndag) i høgsesongen. Venneforeininga for Bautahaugen skapar aktivitet på museet gjennom sommaren. Opningstider Høgsesong: Dagleg kl. 12–15. Måndagar stengt. Elles etter avtale. BAGN BYGDESAMLING - BAGN
Bagnsbergat'n gård
Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen. Av utstillingar elles kan nemnast husgeråd, verkstader, skogsdrift frå før motoriseringa, forfattaren Mikkjel Fønhus og komponisten Sigurd Islandsmoen. Omvising alle dagar (ikkje måndag) i høgsesongen. Opningstider GARDBERGFELTET - VESTRE SLIDREGardbergfeltet med Einangsteinen i Vestre Slidre er eit av dei største og mest omfattande gravfelta frå jernalderen i landet. Her finn ein om lag 1000 gravrøyser og meir enn 900 funn frå romersk jernalder og fram mot mellomalderen. Området har også spor av den enorme jernutvinninga som fann stad i Valdres før, under og etter vikingtida. Einangsteinen er frå rundt år 300 og er den eldste runesteinen i Nordvest-Europa som står på sin opphavlege plass. I Gardbergfeltet kan du gå ei runde sjølv, eller bli med på omvising. Valdresmusea tilbyr omvising for skuleklasser og grupper etter avtale. Informasjonstavle og brosjyre på staden. Opningstider VALDRES FOLKEMUSEUM - FAGERNES
Valdres Folkemuseum
Valdres Folkemuseum vart grunnlagt i 1901 og er eit av dei største friluftsmusea i landet, med 97 hus og anlegg. Museet ligg vakkert til på Storøya ved Fagernes. I sommarsesongen er det mange aktivitetar, museumsbutikk, omvisingar på fleire språk og servering av valdreskost på ”Nystøga”. Valdres har eit levande folkemusikk- og folkedansmiljø. På museet kan oppleva valdresungdom som spelar hardingfele og langeleik, og dansar i god valdrestradisjon. Naturstigen på museet er 1,7 kilometer lang. Denne er fornya fom 2009 i samarbeid med skogeigarane i Valdres. På museumsplassen er det leikeplass for borna. Her finn du huske, sandkasse, balansestokk og stylter. På stølen er det fleire hus frå 1700-talet. Tvengestølen vart bygd i 1947, og oppsett på museet i 1998 som ledd i satsinga på å dokumentere og formidle vår nære fortid. Om sommaren er det aktivitetar for heile familien, og på museumsområdet går det husdyr . Valdres Folkemuseum er arena for store arrangement som Jørn Hilme-stemnet, Landbruksdagen, 17. mai og friluftsteateret Sol av Isfolket. Bunad- og folkedraktrådet har store dokumentasjonssamlingar frå heile landet, tilgjengeleg etter avtale. Opningstider ÅrsprogramValdresmusea har eit mangfaldig årsprogram. Oversikt og omtale av arrangement, opningstider og billettprisar finn du på våre nettsider www.valdresmusea.no. Omvising for grupper kan bestillast på alle avdelingane Bli med?Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger har aktive venneforeiningar. Meir informasjon om desse finn du på heimesida www.valdresmusea.no. ÅrskortEr du mykje på Valdres Folkemuseum kan årskort være løysinga for deg. Vi sel årskort i museumsbutikken eller ta kontakt på telefon eller e-post. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark