Å puste
Vinjerock er oppkalla etter Aasmund Olavsson Vinje, som var den første hyttebyggjaren på Eidsbugarden. Han var òg mannen som gav Jotunheimen sitt noverande namn, og hadde det ikkje vore for han hadde neppe Eidsbugarden vore slik det er i dag. Vinje var ein mann som gjekk sine eigne vegar, og nokre har spekulert i om han ikkje må ha vore Noregs første hippie. Me er vel ikkje heilt ueinige i den tolkinga - uansett veit me at rockefoten hans nok trampar, der han sit oppe på Falketind og følgjer med.
Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Musikken er essensen i festivalen, men aktivitetar og kurs utgjer nær halvparten av festivalprogrammet. Vinjerock satsar vidare mykje på å skape gode matopplevingar, tufta på moderne rettar basert på tradisjonelle råvarer frå lokalmiljøet.
Totalt speler 25 små og store artistar på tre ulike scener i løpet av festivalhelga. Blant årets namn er Kaizers Orchestra, Sondre Lerche, Jonas Alaska og Staut.
Sjå www.vinjerock.no
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark