EMAIL Skriv ut

Hending 

Tittel:
Matkunstnar Berit Ildjarnstad til Vennelaget 
Tid/Dato:
09.02.2012 -  19:00  
Kvar:
Valdres Folkemuseum  
Kategori:
Lag/foreningar 

Beskriving

Torsdag 9. februar kl. 19.00 blir det høve til å høyre Berit Ildjarnstad fortelja om arbeidet sitt som matstylist, og ikkje minst om arbeidet med boka HeiMAT.

Berit Ildjarnstad kjem opphavleg frå Vestre Slidre, og arven derifrå har ho teke med seg etter at ho flytte til Asker – både talemålet og matskikkane. Samtidig bruker ho kunnskapen og råstoffa heimanfrå til å laga nye retter med spennande utsjånad og smak.

Saman med Eivind Haalien frå Vang har ho boltra seg i lokale råstoff og tradisjonar, og laga ei fabelaktig flott bok om valdreskultur både i matvegen og i dagleglivet generelt. På kvelden i Vennelaget viser Berit Ildjarnstad bilete frå boka og fortel korleis boka vart til, og om sitt forhold til Valdres.

Velkomen til Berit Ildjarnstads foredrag om mattradisjonar frå Valdres – i festsalen i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum 9. februar kl. 19.00.

Arrangør

Arrangør:
Valdres Folkemuseum  

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar