EMAIL Skriv ut

Hending 

Tittel:
Helgesamling på Vaset 
Tid/Dato:
11.02.2012 - 12.02.2012 10:30  
Kvar:
Valdres folkemusikklag 
Kategori:
Lag/foreningar 

Beskriving

Helgesamling på Vaset 11-12 februar med besøk frå Hallingdal juniorspelemannslag!

Helga 11-12 februar arrangerer Valdres folkemusikklag helgesamling på Vaset i Vestre Slidre. Dette blir ei felles samling for ungdom som spelar langeleik, torader og hardingfele i Valdres og Hallingdal.

Lærarar er: Jan Beitohaugen Granli og Herbjørn Liahagen (hardingfele), Sjur Borge (torader) og Anne Eidsaa Hamre på langeleik.

Sjølv om over 20 ungdommar frå Valdres og Hallingdal har meldt seg på, er det framleis nokre ledige plassar. Aldersgruppa er cirka 12-18 år. Vi ønskjer særleg fleire toradar- og langeleikspelarar velkomne.

Oppmøte er kl. 10.30 ved Brennabu leirskule sentralt på Vaset. Vi held på til sundag kl. 13.
Ta med akebrett og sengetøy. Alle skal overnatte i ei stor hytte ved Brennabu leirskule. Valdres folkemusikklag stiller med mat, nattevaktar og kokkar.

Prisen er 300,- noko foreldra dykkar gladeleg betalar.

Påmelding og meir info:
Frode Rolandsgard, tlf. 91197407( Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa ) eller Jan Beitohaugen Granli ( Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa )

Arrangør

Arrangør:
Valdres folkemusikklag  

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar