• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Gards- og stølsbesøk i Valdres

Skriv ut E-post


Innhaldet i Valdres Natur- og Kulturpark er som skapt for geoturisme. I dette ligg det ”turisme som tek vare på, forsterkar og framhevar den lokale eigenarten til eit område, miljø, kultur, estetikk, kulturarv og som kjem lokalsamfunnet til gode”. No byr gardar og stølar i heile Valdres på eit mangfald av aktivitetar og opplevingar for miljøbevisste, kulturelt interesserte menneske som etterspør opplevingar som gjev noko for kropp og sjel.

•    Klingande bjøller, viltre killingar og sprudlande fjellbekkar
•    Gult, nykinna smør, lokale ostar og ekte stølskost
•    Mjuke stølsnetter under ein uendeleg stjernehimmel

Hjarteleg velkomen til spanande gards- og stølsopplevingar i Valdres!

Stølane

Opplev Valdres, det nasjonale kjerneområdet for stølsdrift. Tradisjonen med stølsdrift lever framleis i Valdres! Her finn du 230 stølar i full drift med budeier, ungar, mjølkekyr, spretne killingar og spanande kulturlandskap med eit vell av vakre planter. Ingen annan region i Nord-Europa har eit tilsvarande omfang på stølsdrifta.

Om sommaren flyttar familien på garden til fjells med buskapen for å utnytte det saftige fjellbeitet til produksjon av mjølk og kjøt av ypparste kvalitet; nyare forsking dokumenterer nemleg det vi alltid har visst – at stølsmaten er ekstra sunn. Stølsprodukta har særleg mykje av sunne feittsyrer, vitaminar og antioksydantar.

Den vakre naturen, menneska og dyra gjev deg ro og fred. På stølen får du nær kontakt med både vertskapet og dyra. Du kan vandre frå støl til støl, bu på stølen, delta på stølskurs, oppleve ysting og kinning, ta ein tur på sykkel eller ri. Stølane er også eit ideelt utgangspunkt for vandringar på godt merka stigar i fjellet. Gled deg til den tradisjonsrike og sunne stølskosten eller kjøp med deg heim ost, kurv eller andre heimelaga produkt!

Gardane

Gardane har eit godt og variert tilbod om husvære, opplevingar og aktivitetar. Ei vandring på godt merka stigar i det levande kulturlandskapet i bygda eller langs den gamle Kongevegen mellom Oslo og Bergen gjev deg mosjon og rekreasjon! Ta del i livet på ein fjellgard, kos med husdyra og nyt sunn og kortreist mat. Enkelte av gardane tilbyr spanande kurs og konferansar, konsertar og kulturopplevingar. Du kan også kjøpe unike og særeigne gardsprodukt.

Vertskapa gjev deg den gode historia. Valdresdialekta er kåra til Noregs vakraste!

”Valdres skjerper sansane”.

Sjå Nett-TV

Unn dykk ei ekte og god oppleving hjå budeia og bonden på gardane og stølane våre. Valdresvertane tek godt i mot dykk!

Drøymer du om å overnatte på ein støl eller gard?
Fleire av stølane og gardane tilbyr overnatting. Vel mellom alt frå velutstyrte og tradisjonsrike tømmerhus til ei natt i høyet i ei løe på Stølsvidda!

Les meir på valdres.com/gardsturisme 

 

valdres-blogg

Valdres no:

<<  Mai 2013  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
  
  

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar