Lemen
Matkultur i Valdres |
|
|
|
|
|
Mat er så mangt: Tradisjonar og ein kulturarv vi er stolte av - ramma rundt samværet med gode venner og kjære - viktige øyeblikk. Smak og luktar som har sett seg fast i minnet. Mangfaldet av smakar og inntrykk. Men også ernæring, helse og det å eta seg mett. Interessa for mat med regional identitet er sterkt aukande i Norge, og på dette området har Valdres mykje å by på.
Valdreskilling på grillen. Foto: Naturfokus.
Gamle driftsmåtar med stølsdrift og bruk av fjellnatur og utmark er framleis ein svært viktig del av Valdreslandbruket. Det er ein del av driftsgrunnlaget, steller eit sårbart kulturlandskap og er ein viktig del av kulturarven i dalføret vårt. Men det er også ein del av smaken… Råvarer produsert på denne måten skil seg ut, både når det gjeld smakar og lukter. Alt har si tid - det gjeld også for maten - men det var før. I dag er det slik at ein forventar å få dei fleste råvarene til alle årstider. Slik er det også i Valdres, men skal du ha det ypparste av kvalitet må ein finne seg i å leve med sesongsvingingane som før. Sommaren med stølsliv, stølsrømme og ysting, fersk aure, kurv og spekemat. Hausten med ferske poteter, bær og grønsaker. Førjulstida med fløyelsmjuk fersk lefse, rakfisk og potet. Haustjakta med vilt av alle slag. Juletradisjonar med tradisjonsbakst og andre godsaker. Alle mattradisjonar som har si rot i krinsløpet i naturen. I eit kreativt samspel mellom oppfinnsame husmødre som nytta alle ressursar, og ein natur som gav og tok, fekk Valdres både livberging og ein fantastisk matskatt med eit uvanleg stort mangfald. Vi håpar du kan ta deg tid til å oppleve noko av dette når du kjem på besøk. Kanskje kan opplevinga også kopierast på heimebane om du hugsar å kjøpe med deg nokre spesialitetar eller nokre ekstra gode råvarer.
Rakfisk fra Valdres - landsens kjent og ein viktig kulturbærar for dalføret. Foto: Naturfokus.
|
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark