19
Valdreskvalitet |
|
|
|
|
- kvalitetsmerka mat frå dalens matprodusentarI Valdres satser ein no tungt på å bygge ein høg kvalitetsprofil for mat frå dalføret vårt. Bak denne satsinga står ei lang rekke gardsbruk og mange mindre og større matbedrifter i regionen. Interessa for god og variert mat med regional identitet har auka dei siste åra, og Valdres har svært mykje by på.
Valdreskvalitet-emblemet
Grunnlaget for den gode maten i Valdres er gode råvarer, ein oppskriftstradisjon med stort mangfald, eit framifrå handtverk og rause porsjonar. Men det er og ei utfordring å utvikle denne rike matkulturen med ny kunnskap for ei ny tid. Og dette tek matprodusentane i Valdres på alvor. Merkeordninga ValdreskvalitetMerkeordninga gir deg som forbrukar ein garanti for at matvarene held den kvaliteten du forventar å få her i dalen. Rakfisk, spekeskinke, kurv eller spekepølse i mange variantar, flatbrød, ulike ostar og andre mjølkeprodukt. Kjøt frå gardsbruk som tek kulturlandskap og stølstradisjonar på alvor, ja til og med øl frå eige bryggeri kan ein få kjøpt med kvalitetsmerke frå Valdres. Ved å velje produkt med denne merkinga kan du vera trygg på høg kvalitet, samstundes som du støttar eit miljøvennleg småskala landbruk som skjøttar ein rik kulturarv, viktig for oss alle. Klikk her for å lesa meir om Valdreskvalitet BA.
|
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark