Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Neste TV serie: "Fjellfolk" på NRK, 12. februar

"Ut i naturen" fra Vassfaret i Valdres ble en seersuksess. 1,5 mill seere.

Valdresnaturen

Skriv ut E-post

Valdresnaturen er mangfaldig og variert. Frå dei djupe skogane i sør til stupbratte tindar i nord, langs dalføre med innsjøar, elvar og brusande bekkar.

Stølsvidda

Stølsdrifta og stølskulturen er ein svært viktig del av kulturarven vår. Stølskulturen har betydd mykje for utviklinga av den nasjonale identiteten og mat- og musikktradisjonar her i landet. Stølsdrifta har langt attende i tida sett sitt preg på kulturlandskapet. Om sumaren flytter ofte familien på garden til fjells med buskapen for å utnytte det saftige fjellbeitet til produksjon av mjølk og kjøt.

Stølsbruket er dei fleste stader i tilbakegang, men i Valdres har vi framleis eit levande stølsmiljø med rundt 300 stølar i aktiv bruk med kyr og mjølkeproduksjon. I tillegg blir ein stor del av dei andre stølane brukt til beite eller fôrproduksjon. Stølsbruket i Valdres er i omfang og posisjon heilt spesielt i landssamanheng.

Ved sida av å vera nødvendig for jordbruket, har stølsdrifta skapt eit svært rikt biologisk mangfald.

Stølsbruket er og svært viktig for reiselivet. Aktivt stølsbruk med det tilhøyrande stølslandskapet, er viktig for å kunne marknadsføre Valdres som reiselivsmål.

Jotunheimen

Jotunheimen er Norges mest kjente og mest majestetiske fjellområde, med 1140 km² nasjonalpark og 300 km² landskapsvernområde. Jotunheimen er eit unikt område med urørt natur, frisk luft og et spennande og utfordrande fjellområde for turvandrarar. Av dei ca.300 toppane over 2000 meters her i landet, ligg mellom 80 og 90 prosent i Jotunheimen. Fjellområdet har eit godt utbygd hyttenett og mange merka stiar, både familievennlege og litt meir krevjande.

Kulturlandskapet

Les meir om kulturlandskapet i Valdres.

Verneområde

Fleire område i Valdres er så unike og dyrebare at dei har blitt verna. Klikk her for å lesa meir om verneområda.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  810
13141516171819
202126
272829    

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar