Kresen i matvegen
Kulturlandskapet |
|
|
|
|
|
Med kulturlandskap meiner vi eigentleg alle spor etter menneskeleg påverknad i naturen. I Valdres er det ikkje så mange stader du kan gå utan at du møter ein eller annan form for menneskeleg påverknad, anten det er eit kulturminne, husdyrbeiting eller jordbruk.
Sjeldne artsrike slåtteenger: Denne enga frå Skrautvål i Nord-Aurdal har så mange sjeldne artar at ho er registrert som nasjonalt verdifull.
Sjølv om det med første augnekast ser ut som villmark, kan det godt hende du finn felæger, bogestiller eller dyregraver i valdresfjella. I mange fjellområde kan du også finne kolgroper og spor etter jarnutvinning. Kulturlandskap kan også omfatte bylandskap og tettstader som Fagernes. ”Kulturlandskap” er derfor eit vidt omgrep, men i denne teksten nyttar vi berre” kulturlandskap” om jordbrukets kulturlandskap. Ofte er dette landskapet ikkje berre påverka av, men også avhengig av menneskas bruk fordi det et økologisk ustabilt. Når påverknaden frå menneske opphøyrer, vil landskapet gradvis gå tilbake til naturtilstanden. Det kan vera vanskeleg å førestille seg ein by gå over til ”naturtilstanden”. Det er faktisk mogeleg, det treng berre lengre tid. Vi reknar med at jordbruket i Noreg har ei 5 000 år gamal historie. Pollenanalysar frå Slidreåsen syner at det var beitande husdyr der allereie i perioden 2 800–2 000 f.Kr. Det er også funne ein del jordbruksreiskap av stein frå tida før jarnalderen i Valdres, men det er uvisst kor gamle dei er. Kulturlandskapet i Valdres
Dei ulike husdyra beiter ulikt og gir beitelandskapet ulik utsjånad.
Rundt garden ligg jordene som skal sørgje for vinterfôret til dyra. Tidlegare, då det var knappare om fôrressursane, beita dyra sjeldan på innmarka. Dei vart sendt opp i heimebakkane gjennom ei ”gøte” opp frå garden. Ofte vart dei fylgt ev ein gjetar som passa på at dei held seg unna dei beste slåtteliene. Korleis graset har vore nytta kan vi ofte sjå ut i frå artssamansetnaden i enga. Når graset vart grønt nok, flytta husdyra til vårstølen. Mange hadde fleire vårstølar og hauststølar (heimstølar) dei flytte til etter kvart som beitet endra seg.. Etter eit par månader på langstølen lengst inne i fjellet, bar det ned til hausstølen, før dei enda opp på garden for vinteren. Det er med andre ord graset som har bestemt livsmønsteret til menneske og dyr. Valdres har ikkje same barskogsbeltet som mange andre stader på Austlandet, slik har beitene vore meir tilgjengelege. Samstundes har det heller ikkje vore så bratt som lenger vest i Noreg, slik at overgangen frå gard til støl har vore ”flytande”. Derfor kan du i Valdres finne spor etter heimstølar og utslåtter heile vegen frå gard til fjell. Biologisk mangfaldI det kontinuerlege samspelet mellom menneske, dyr og natur har det utvikla seg eigne artar og artssamfunn. Fleire artar og spesielle variantar av artar i kulturlandskapet, krev kontinuerlig beiting i fleire hundre år for å etablere seg! Ofte er også artsrikdomen av planter høgare i kulturlandskap enn i naturtilstanden. Alle kommunane i Valdres har registrert biologisk mangfald, og det er funne mange område som både har stor artsrikdom og som inneheld sjeldne og truga artar. Tilhøva i Valdres er stadvis svært gode med god tilgang på vatn samstundes som bergrunnen er næringsrik. Dette saman med fleire hundre års beiting, gjev eit kulturlandskap med ein heilt eigen artssamansetnad. På Stølsvidda i Nord-Aurdal kan vi finne enger av ballblom og dunhavre, og mykje av dei raudlista (nasjonal liste over truga og sårbare artar) plantene bakkesøte og marinykkjel. I Vestre Slidre har vi fleire lokalitetar med freda artar som haustmarinykkjel, medan Vang har gode førekomstar av den raudlista fjellnøkleblom. Mange insektartar er avhengige av spesielle planter i kulturlandskapet. I Vang vart det i 2004 og 2005 funne fleire nye insektartar for Noreg! I Etnedal er det fleire lokalitetar med skjeggklokke. Skjeggklokka liknar på ei lodden blåklokke, og har sin einaste kjende norske førekomst i desse traktene. I Nord-Europa er den kjend frå Dokka, Etna og Gausdal. Næraste veksestad derfrå er Alpane. Dei artsrike kulturlandskapa har etter kvart vorte svært sjeldne. Heile 30 prosent av dei truga artane i Noreg ligg nettopp i jordbrukets kulturlandskap. Biologisk mangfald er noko som ikkje berre vi, men og det internasjonale samfunnet, er einige om at er verdifullt. KulturminneKulturminne som skålgropsteinar, steingardar, stignett, tufter, stakkstøer, rydningsrøyser og utslåttar som ligg i kulturlandskapet, fortel oss mykje om samspelet mellom menneske og natur gjennom hundrevis av år. Les meir om kulturminne under tema kulturminne. Meir om kulturlandskapet HER. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark