Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Neste TV serie: "Fjellfolk" på NRK, 12. februar

"Ut i naturen" fra Vassfaret i Valdres ble en seersuksess. 1,5 mill seere.

Valdres Natur- og Kulturpark - skjerper sansane

Skriv ut E-post

Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar.

Valdres Natur- og Kulturpark er bygda der eg kjem frå, der eg kan vera, der eg kan vera til. Dette er bygda der du er velkomen, der du kan vera, og vera til.  Dette er bygda der vi i fellesskap skal bygge framtidsnæringar tufta på den unike kombinasjonen av natur, kultur og næring i eit fellesskap.

Samhandling i trivselsbygda

Valdres Natur- og Kulturpark har definert som sin viktigaste reiskap, å vera ein arena for samhandling mellom kommunar, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande.

Vi skal samhandle om å lage produkt og opplevingar som er unike etter sin eigenart, og som vi kan bygge ei sterk merkevare på - Merkevara Valdres.

Merkevara og verdigrunnlaget

I merkevarebygginga skal Valdres ha eit særleg fokus på:

Miljø
Merkevara Valdres skal byggast på ein høg miljøstandard i vid forstand. Miljøspørsmål skal også fokuserast i kvalitetsstandardar som blir utarbeida for den enkelte næring.

Kultur
Merkevara Valdres skal byggast på ein identitet knytt til vår sterke lokale kultur. Her skal vi legge vekt på det vide kulturomgrepet som omfattar alt frå tradisjonskultur og kulturminne, til eit ope møte med det moderne kulturuttrykket i Valdres. Våre kvalitetsstandardar skal til saman synleggjera vår rike matkultur, handverkskultur, byggetradisjonar, kulturlandskap, stølskultur, biletkunst, musikk, dans, lyrikk og forteljartradisjonar. Festivalane er eitt av fyrtårna i kultursatsinga.

Det gode og moderne liv i Valdres
Merkevara Valdres skal ha sitt utspring i vårt lokalmiljø, eit lokalmiljø som det vil vera positivt å identifisere seg med. Dei gode opplevingar skal vera i fremste rekkje, og Valdres skal med bakgrunn i tradisjonelle verdiar også utvikle urbane kvalitetar. Merkevara må appellere til vår felles draum om det gode liv. Service- og vertskapsrolla skal prioriterast i alle kvalitetsstandardar.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  810
13141516171819
202126
272829    

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar