Kresen i matvegen
Nasjonal turistveg |
|
|
|
|
|
Vegen over Valdresflye er ein av 18 Nasjonale turistvegar. Dette er utvalde kjøreruter gjennom det flottaste av norsk natur. Du finn også mykje informasjon om vegane på nettsida Nasjonale turistveger. Valdresflye – nasjonal turistveg!
Snøen ligg lenge utover sommaren langs Valdresflyvegen. Her eit parti mot Bitihorn. Foto: Nils Rogn
Med status som Nasjonal turistveg for fylkesveg 51 over Valdresflye, har Valdres kome på kartet over dei flottaste kjørerutene gjennom norsk natur. Denne fjellovergangen mellom Gudbrandsdalen og Valdres når opp i nesten 1400 moh., og har ei rekkje fjell og tindar over 2000 meter tett innpå. Båtturen med Bitihorn er eit høgdepunkt - bokstaveleg tala. Nord-Europas høgastgåande båtrute. Her ved brygga på Eidsbugarden. Foto: Nils Rogn
Fylkesveg 51 som vegen heiter, går heilt over til Hallingdal og byr på svært mange opplevingar og mulegheiter både for store og små. Langs denne "Opplevelsesvegen" finn du ei rekkje aktivitetar, fleire flotte utgangspunkt for fot- og sykkelturar, stølar å besøke, båttur med båten "Bitihorn" frå Bygdin to gonger dagleg i sommarsesongen (vanlegvis frå fyrst i juli til ut i september), eit imponerande designhotell og lokale matrettar som du både kan få servert og kjøpt. Visste du at det i Valdres blir produsert bortimot 150 lokale produkt gjennom eit år? Mange av dei er sesongavhengige, og representerer mangfaldet av naturlege og reine råvarer frå Valdres. Kurv (spekepølse), spekemat, ostar, kjøt av lam, hjort, rein og elg, fjellaure, te av reinrot, øl, flatbrød, fjellsmør, seterrømme, sjokolade og lokalprodusert gardsis er nokre døme på lokal tradisjonsmat. Langs denne ”Opplevelsevegen” har me valt ut nokre stader som er vel vert eit besøk. På toppen av Valdresflye ligg det gamle ungdomsherberget (1389moh). Her finn du på vestsida av vegen fleire lett tilgjengelege totusen meters toppar, og etterpå får du verdens beste vaflar på vandrarheimen. Bygdinstøga ved austenden av Bygdin byr på gode lokalretter. Fisk frå Bygdin er kafeens smaksrett nr. 1, saman med andre lokale rettar som rømmegraut. Kafeen vart opna i 2011. Frå Bygdin kan du ta ein avstikkar innover Jotunheimvegen, og det idylliske stølslandskapet langs vatnet Vinstre. Frå Beitostølen kjører du Slettefjellvegen gjennom Beitobygda og over til Vang. Då får du kjensla av å vera på Norges tak.
Utsøkte, lokale matrettar. Foto: Jan Askildsen
Moahaugen Gard ligg i Heggenes sentrum. Ein stor gardsbutikk der kurv (spekepølse), spekemat, stølsrømme, fjellsmør, lam, hjort, rein, ostar frå Valdres og Gards-Is frå Etnedal er noko av det gardsfrua, Bente, byr fram. Smakene av Valdres får du her. Gardsutsalet er oppe alle dagar i sommarsesongen. Ring gjerne gardsjenta Bente for ein avtale slik at du er sikker på at ho er heime på garden - tlf. 99536004.
Romma på Herangtunet er ein attraksjon i seg sjølv. Foto: Nils Rogn
Dersom du kan tenke deg å overnatte på eit spesielt designhotell langs ”Opplevelsevegen” - kan Herangtunet tilrådast. Dette "vesle hotellet" er ei stor oppleving i seg sjølv, og i tillegg til spesielt designa overnattingsrom får du også servert lokale matrettar.Ikke bare en veg, men en opplevelsesveg – Valdresflye – med toppunkt 1389 moh. Besøk gjerne ein av våre populære festivalar. Opplevelsesvegen i sanseriket VALDRES |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark