17
| Verdiskapingsprogrammet for kulturminne i Valdres |
|
|
|
Valdres er saman med Nord-Gudbrandsdalen ein av elleve pilotar for Verdiskapingsprogrammet for kulturminne. Dette betyr ei ekstra satsing for tiltak som kan gje auka verdiskaping i Valdres. I Stortingsmelding nr 16 (2004-2005) ”Leve med kulturminner” sluttar stortinget seg til at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal gje grunnlag for kunnskap, opplevingar og verdiskaping. Med bakgrunn i dette starta Riksantikvaren i 2006 ”Verdiskapingsprogrammet for kulturminner”. Hensikta er å bidra til at kulturminne og kulturmiljø blir tatt i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv. Som ei direkte følgje av dette ble Valdres saman med Nord-Gudbrandsdalen i 2006 valt ut som ein av elleve pilotar for Verdiskaping for kulturminne i ”Opplandspiloten”. I 2007 vart også Pilgrimsleden til Trondheim gjennom Oppland ein del av Opplandpiloten. Pilotstatusen skal vare ut 2010. Hovudintensjonen med Verdiskapingsprogrammet i Valdres er å styrke kulturarvsdimensjonane innanfor Valdres Natur- og Kulturpark. Valdres har største delen av stølar i drift i Nord-Europa, og har derfor eit spesielt ansvar for ta vare på desse. Valdres er også i ei særstilling med heile 6 av dei 28 stavkyrkjene i Noreg. Valdresregionen har frå september 2006 tilsett ein egen kulturminnekonsulent som skal bidra til å fremje verdiskaping og næringsutvikling knytte til kulturminna. Les meir om pilotane hjå Riksantikvaren.
|
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 |