Lemen
Valdres Natur- og Kulturpark - skjerper sansane |
|
|
|
|
|
Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar. Valdres Natur- og Kulturpark er bygda der eg kjem frå, der eg kan vera, der eg kan vera til. Dette er bygda der du er velkomen, der du kan vera, og vera til. Dette er bygda der vi i fellesskap skal bygge framtidsnæringar tufta på den unike kombinasjonen av natur, kultur og næring i eit fellesskap. Samhandling i trivselsbygdaValdres Natur- og Kulturpark har definert som sin viktigaste reiskap, å vera ein arena for samhandling mellom kommunar, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande. Vi skal samhandle om å lage produkt og opplevingar som er unike etter sin eigenart, og som vi kan bygge ei sterk merkevare på - Merkevara Valdres. Merkevara og verdigrunnlagetI merkevarebygginga skal Valdres ha eit særleg fokus på: Miljø Kultur Det gode og moderne liv i Valdres |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark