Valdres – ein av 11 pilotar for Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet I perioden 2006 – 2010 utgjorde Valdres saman med Nord-Gudbrandsdalen ”Opplandspiloten” for Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. Verdiskapingsprogrammet var organisert gjennom RA (Riksantikvaren) under Miljøverndepartementet. Hovudsatsingsområde har vore stølsdrift, stavkyrkjer og bygningsvern.
Til pilotprosjektet har Valdres fått 82,10 millionar kroner av RA og Oppland fylkeskommune. Prosjektet i seg sjølv har generert 26,437 millionar kroner.
Valdres har gjennom Verdiskapingsprogrammet mellom anna:
• Rettleiingsteneste for verneverdige bygg. Det er mellom anna oppretta ein eigen bygningsvernrådgjevar som tilbyr 1 dag gratis tilstandsvurdering for eigarar av verneverdige bygg. Vidare tilbyr Valdres Natur- og Kulturpark søknadshjelp ved restaureringstiltak. Til saman 34 bygg har fått restaureringsstøtte gjennom Verdiskapingsprogrammet. Fleire av desse har vore tilknytt stølsdrift, lokal foredling eller gards- og stølsnettverket.
• Alle stavkyrkjene har fått felles billettar, og informasjonstavler. Det er gjeve ut eit eige stavkyrkjehefte og det er utarbeida 3D-presentasjonar berekna på born og unge på norsk og engelsk for Øye og Reinli stavkyrkjer.
• Etablert et eige Fyrtårnprosjekt med støtte frå Innovasjon Noreg for Gards- og stølsnettverket i Valdres i samarbeid med Fylkesmannen og Valdres Destinasjon.
• I perioden har frivillige gjennom Verdiskapingsprogrammet skilta opp 20 mil med kulturstigar.
• Opparbeida tverrfaglege samarbeidsforum for kulturminne i Valdres
Valdres Natur- og Kulturpark arbeider no for å vidareføre Verdiskapingsprogrammet til ”Fase 2” i samarbeide med Oppland Fylkeskommune og RA. I denne fasa vil kulturlandskap, informasjon og tilrettelegging bli sterkare prioritert.
Strategiar på Kulturminneområdet 2011 – 2017
Mål og visjonar Hovudmålet er å styrke Valdres som attraksjonsverdi ved å aktivt bruke lokalhistoria.:
Strategiar 1. Kartlegge ressursane i stølsområda 2. Styrke økonomien i stølsdrifta ved næringsaktivitet og kanalisering av virkemidlar 3. Direkte ”katalysatorstøtte” og løysningsforslag til konkrete tiltak 4. Styrke kompetansen (utdanning/kurs gjennom etablerte institusjonar) 5. Betre tilrettelegginga av stavkyrkjene som besøksmål 6. Styrke aktørsamarbeid (landbruk, stavkyrkjer, destinasjonar) 7. Styrke Valdresmusea som kompetanse-nav