Budeiehelg for turglade damer
Om
Velkomen til budeiehelg på Beitostølen og stølsområda omkring. Frå gamalt er det denne helga budeia flytte heim frå stølen med kyrne, bufarhelga. No er det færre budeier, men framleis er Øystre Slidre og Valdres eit av dei områda i Norden der stølslivet står sterkast.
Vi har laga eit program for deg som er glad i fjell og som er interessert i å lære meir om budeia og stølsliv. Du er hjarteleg velkommen åleine, eller saman med venner.
Fredag 1. september:
Innsjekking på Bergo
2000 Middag med informasjon om opplegget
Laurdag 2. september
0900 Vi går til Liastølen med sel frå 1700 talet. Solveig Sandberg fortel om Stølsliv i gamle dagar og viser oss rundt.
1130 - 1600 Guida støls- og fjellvandring med matpakkelunsj
Vi går i området ved Gipestølen, Raudhødn (1143 moh) og Gipehovda.
Inger Marie Vingdal guidar og fortel om budeier og barn i fjellet.
1930 Fellesmiddag
Sundag 3. september
1000 Vi kjører til Olestølen, til budeia Kathrin H. Aslaksby
Ho gir oss omvising og fortel om stølslivet. Her på stølen er det geiter, hestar, griser, ender og kattar. I mikroysteriet foredlar Kathrin geitemjølka til ost, smør, rømme og yoghurt
11.30 - Stølslunsj i det gamle selet. Budeia serverer smak av stølsliv, med handlaga økologiske ostar frå stølen, kurv (spekepølse), flatbrød, te/kaffe og stølskake.
1230 - 1530 2 turalternativ:
Tur 1: Guida tur med kløvhest og Kathrin. Vandring med kløvhest i vakkert fjell landskap på 1000 m.o.h. Å gå med hest i fjellet gir unik nærleik til dyr og natur.
Tur 2: Guida tur til Svoloberget 1233 m.o.h. med Inger Marie. Vi går i det flotte stølsområdet, opp gjennom beiteområdet og til Svoloberget.
Utsikt mot Vinstre, Valdresflya og Jotunheimen
1530 Avslutning
Kathrin har ost og andre stølsprodukt for sal.
Heimreise frå kl 1600
Desse bidreg:
Kathrin H. Aslaksby er budeie på Olestølen, geitebonde, naturrettleiar og ystar.
Solveig Sandberg driftar Liastølen, er gardbrukar og kulturformidlar.
Inger Marie Vingdal er oppvaksen med støl i Øystre Slidre, underviser i friluftsliv og skriv bok om budeiene
Kostnadar:
Opplegget kostar kr 1690 og det betalar du når du melder deg på. Før 15. april er prisen 1490! Det er 20 plassar.
Overnatting: Bergo hotell har sjølvbetente rom og leilegheiter. Rom for ein eller to personar for 999 pr døgn (utan frukost) eller leilegheit med plass til fire kr 3350 for helga. For overnatting ta kontakt med ragnhild@beitostolen.com. Bergo er midt i sentrum av Beitostølen.
Mat: I prisen er stølslunsjen sundag. Du ordnar sjølv med frukost og matpakke (laurdag) og betalar for middagane.
Transport
Bil eller med buss.
Påmelding:
På e-post til ivingdal@budeiene.no eller ingeving@oslomet.no ,
eller på telefon 91747343
BUDEIENE AS
TURAR – KURS – OPPLEVINGAR
Inger Marie Vingdal, Fivilvegen 3,
2953 Beitostølen. Telefon 91747343
TripAdvisor
Fasiliteter
Målgruppe
- Voksen