Kurs: Skog og materialkvalitet
Om
I løpet av kurset ser me på variasjonar i skogar med forskjellig bonitet. Me ynskjer å finna virke av god kvalitet til forskjellege formål der tre skal brukast. Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte granstammane. Og kva kan den krokete furua nyttast til? Vart bjørk og osp nytta i bygging av hus? Og kvar kan den nyttast? Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera?
Diverse aktivitar i skogen, felling med øks og svans, teljing og saging. Bål og vandring i skogen.
Instruktørar: Steinar Moldal, Håvar Aabol, Thomas Aslaksby
TID: 28. og 29. september 2023
STAD: I to skogsområde med ulik bonitet, truleg i Øystre Slidre og Sør-Aurdal
ARRANGØR: Valdresmusea
PRIS: Kr 2.400 (rabattpris kr 2.100 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea, betalast inn på konto 2070 05 01524 ved påmelding. Merk «Skogsamling»)
PÅMELDINGSFRIST: 8. september
Med atterhald om endringar
SPØRSMÅL OG PÅMELDING
til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.
BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.
TripAdvisor
Åpningstider
Valdres Folkemuseum (28 sept 2023 - 29 sept 2023) |
---|