Kurs: Skog og materialkvalitet
Om
TØMMER I SKOGEN BLIR MATERIALAR TIL HUSET
I løpet av kurset ser me på variasjonane i ein skog i Øystre Slidre og eit skogsområde langt vest i Valdres, i Vang. På båe plassane kan me venta oss å finna seinvokse virke av god kvalitet. Men kva finn me kvar? Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte gran- og furu-stammane. Kva kan den krokete furua nyttast til? Og kva kan lauvtre brukast til, anna enn til ved? Til å bygge av? Sikkert er det ivertfall at slike har vore til god nytte i det daglege i eldre tider. Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera? Og kva er god materialkvalitet?
Det blir diverse aktivitar i skogen; felling med øks og svans, teljing og saging, bål og vandring i skogen.
Instruktørar og medverkande: Steinar Moldal, Håvar Aabol, m.fl.
TID: 3. og 4. oktober 2024
STAD: I to skogsområde med ulik bonitet, i Øystre Slidre og Vang. Kveldssamling på Valdres Folkemuseum.
ARRANGØR: Valdresmusea
PÅMELDINGSFRIST: 15. september
Med atterhald om endringar
MELD DEG PÅ HER (LENKA VIRKER SNART)
SPØRSMÅL OG PÅMELDING
til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
NB: Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.
OM BIDRAGSYTARANE
Håvar Aabol har ein mangfaldig bakgrunn innan bygningsvern og tradisjonshandverk. Han har god kunnskap og brei erfaring innan tre og materialforståing. Samstundes med at han er utøvande handverkar og kan dette med å handtera handverktøy.
Han har vore faglærar på Fagskolen Innlandet, og er no knytt til bygningsvernstudiet ved NTNU.
Karl Laberg er tidlegare gardbrukar og skogeigar. Den tida var det i skogen han treivst best, og framleis der han trives godt. Han har lang og god erfaring med skogsarbeid, og meiner at trea skal fellast med motorsag, og ikkje med hogstmaskin. Slik skjøttar ein skogen best, og er meir skånsam i møte med naturen.
Gjermund Andersen er dagleg leiar i Naturvernforbundet sitt skogutvalg, skogbrukar og forfattar. Han har skrive ei lang rekkje artiklar og fleire bøker om skogbruk og naturvern.
No sist med boka «Nytt skogbruk!».
Om denne boka kan me lesa;
«Skal vi bare fortsette som før? Lønnsomheten i skogbruket blir stadig svakere. Samfunnsbidraget fra skogbruket blir stadig mindre. Kvaliteten på trevirket fra skogen blir stadig dårligere. Vi utnytter ikke skogens klimapotensial. Skogbrukets påvirkning av naturen blir stadig mer brutal. Skal vi likevel bare øke hogstflatestørrelsen og minske hensynene til omverdenen - i et siste desperate forsøk på å opprettholde fordums storhet og inntekt? Og hvor lenge går det, før vi i ærlighetens navn må be kommende generasjoner om unnskyldning? Eller skal vi ta grep? Tenke helt nytt og drive et annerledes skogbruk? Et skogbruk som både er lønnsomt, samfunnsansvarlig og bærekraftig? Det er dette «Nytt skogbruk!» handler om: Nødvendigheten av et kursskifte for norsk skogbruk.»
Tanaquil Enzensberger er biolog, forfattar og vegetasjonsrådgjevar. Ho har særs god greie på det biologiske mangfaldet rundt oss, og er stadig på leit etter gamalskog og artane der. I sitt virke held ho på med vegetasjonsrådgjeving og vegetasjonskartlegging.
Steinar Moldal er formidlar, forfattar og handverkar. Han har vandra rundt i skogane i Noreg på leit etter dei beste emna i årtier. Like lenge har han brukt desse emna, som den handverkaren han er, og som lærar. Han er ein av eldsjelene på Hjerleid Handverksskole. Saman med andre har han gjort Hjerleid kjend i heile landet, og endå vidare.
Thomas Aslaksby er småbrukar og mangesyslar. Han er kanskje mest kjend som skimakar, men er også utøvande i mange andre tradisjonshandverk. Han reiser vide omkring på leit etter den opphavelege treskia, og har henta, og gjeve, inspirasjon til likesinna så langt unna som Kina.