Smykkeutstilling ARV i Høre stavkyrkje
Om
Smykkeutstilling ARV, april 2023
Utstillinga står i Høre Stavkyrkje heile april. Ho er open når det er gudsteneste og ellers på faste dagar, men kan og besøkast utanom opningstidene. Ta kontakt med Høre sokneråd dersom det er ynskjeleg med besøk til andre tider.
Målet mitt med utstillinga er å få folk til å reflektera over kven vi er, kva som er av verdi og kva me vil gje vidare. Tradisjonelt er smykker gjenstandar som går i arv og nyttast som dei er. Stadig fleire ynskjer å omskapa arvegods og få sett sitt eige uttrykk ved å få omarbeida smykker. Å bæra arven vidare i nye former er ein trend i tida. Verdien vert ikkje mindre av det. Arven som ligg i kyrkjebygg og symboler, har og djup verdi for mange. Min smykkekunst vil sjå aspekter i arv fra ulike sider, også med eit skrått blikk. Smykkene/gjenstandane vert plassert inn i biletrammer (gjenbruk) av ulikt slag. Det vert omlag 70 slike rammer som vil setja sitt visuelle preg på utstillinga. Det vert hengt opp som på ein gammaldags «familievegg» som også kan gi eit preg av arv.
Velkomen!
Åpningstider:
Laurdag 1. april kl. 11.00-15.00 opning Reidun Breistig er tilstade ved opninga.
Sundag 2. april kl. 11.00-15.00 palmesundag
Tysdag 4. april kl. 11.00-15.00
Torsdag 6. april kl 18.00-20.30 skjærtorsdag Kveldsgudsteneste kl. 19.00
Sundag 9. april kl. 11.00-15.00 1. påskedag
Laurdag 15. april kl. 11.00-15.00
Sundag 16. april kl. 11.00-15.00
Laurdag 22. april kl. 11.00-15.00
Sundag 23. april kl. 11.00-15.00
Laurdag 29. april kl. 11.00-15.00
Sundag 30. april kl. 11.00-15.00 siste opningsdag Gudsteneste kl. 11
TripAdvisor
2973 Ryfoss
Tlf: (+47) 926 67 101