For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

EN

NO

DE

Heidrar norsk kulturlandskap

7. April 2020


I 2019 gjekk prisen til Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten. (Foto: Per Jostein Andersen) 

Norsk Kulturarv tok i si tid initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen, og har sidan 2007 samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utvelgelsen av det beste prosjektet kvart år.

1. mai er fristen for å nominere prosjekt og område inn til Norsk Kulturarv.

Link til skjema for å nominere: http://www.kulturarv.no/sites/all/files/files/den_nasjonale_kulturlandsk...

- Gode kandidatar i Valdres

- Vi har mykje kulturlandskap i Valdres som er rike på både biologisk mangfald og kulturminne. Mange er også flinke til å skjøtte desse med rydding, beiting eller slått med egna reiskap for å ta vare på mangfaldet. Spesielt  stølsområda er det mange gode døme på hevda beitelandskap med rikt mangfald, seier Katharina Sparstad som jobbar som kulturrådgjevar i Valdres Natur- og Kulturpark.

I 2011 vart Hjelle gard i Aurdal nominert frå Oppland fylke. Det er kommunar, fylke eller andre som sender inn kandidatar frå sitt område. Sjølv om konkurransa er hard, meiner Sparstad det ikkje er mangel på kulturlandskap som er grunnen til at vi ikkje har fått prisen i Valdres enno, men kan hende vi ikkje har vore flinke nok til å sende inn kandidatar.

- Vi har mange verdige kulturlandskap der ute. Sjekk ut vilkår og sjema og send inn forslag frå di kommune eller grend, oppfordrar Sparstad.

Kriterier, hensikt og jury

Fylkesmennenes landbruksavdelingar, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:

- Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
- Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
- Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
- Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
- Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
- Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
- Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet-
- Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar. Med dette også å auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet, bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet og stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel.
 

Årets jury:

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, Juryleiar
Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
Kjersti Hoff, leiar i Norsk bonde-og småbrukarlag
Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
Hanna Geiran, riksantikvar
Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Link til skjema for å nominere: http://www.kulturarv.no/sites/all/files/files/den_nasjonale_kulturlandsk...

Invitasjon: http://www.kulturarv.no/sites/all/files/files/invitasjon_nominasjonar_na...

Klikk her for fleire artiklar frå Valdres Natur- og Kulturpark

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

følg oss på Facebook