Høyring: Utbygging av breiband i Valdres


Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord Aurdal, Etnedal og Sør Aurdal kommunar har samla seg om å sende ein felles søknad om tilskot til  utbygging av «neste generasjon breiband» NGA i Valdres. 

Det er opning for å søkje tilskot frå Nkom til utbygging i område som elles ikkje kan byggast ut på reint kommersielt grunnlag.

Valdres Natur- og Kulturpark samordnar søknaden.

Regjeringa har gjeve Nasjonale kommunikasjonsmyndigheter (Nkom) i oppgåve å administrere tilskots- ordninga for breibandsutbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje Nkom om stønad. Eit av krava for ein slik søknad er at planprosessen for utbygginga skal ligge ute til høyring i fire veker (ein månad).   Dette slik at det blir høve til innspel både frå aktuelle utbyggarar og frå moglege framtidige kjøparar av tilgang til breiband.

Høyringsfrist:

Alle som ønskjer å gje høyringsuttale (bedrifter, enkeltpersonar, lag og foreiningar etc.) blir her invitert til å gjera dette innan 20. april 2017 kl. 12.00.

Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan også gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i områder det ikkje kan forventast å koma nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

Ei eventuell utbygging vil vera avhengig av offentlege tilskot.  Intensjonen er at alle skal få eit tilbod, men det er likevel slik at kommunane ikkje kan garantere at alle vil få eit tilbod om betre breiband.

I 2016 bygde vi  breiband i grendene Dale/Skjel, Kvismo, Tveitabru og Søndre Hedalen.  Samtidig  fekk vi tilskot frå Nkom til bygging i grendene Øvre Dalen, Mjøsvang, Thorpe, Åsvang, Ryfoss, Rogne, Volbu og Bruflat – Flatøygard.  Vi fekk og avslag på søknad om tilskot til sentrumsområda Grindaheim, Slidre, Røn, Sagbråten og Bang. 

Det er i desse dagar i gang planlegging av fleire grender i alle kommunane i Valdres. 

Tildelingskriterium

Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandstilskot:

Evalueringskriterium Vurderingselement Vekting i 2017
Tal husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggande god kvalitet. Tal nye aksessar i relativ auke i dekning 30%
Kostnadseffektivt nettutbygging i det enkelte prosjekt -Best mogeleg utnytting av tilgjengelege midlar -Investeringskostnad per aksess.
-Tilgang til eksisterande infrastruktur som   grøfter, stolpar, punkt etc.
25%
Lokal medfinansiering Lokal medfinansiering sett i forhold til tal aktuelle brukarar/kundar. 20%
Plan for berekraftig drift etter at utbygging er gjennomført. Sannsynlegheit for at breibandstilbodet kan oppretthaldast og vidareutviklast. 15%
Betring av eksisterande breibandstilbod. Tal aksessar som får auka kapasitet, og kor stor kapasitetsauken er. 5%
Betyding for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande. - Samfunnsgevinsten som vert utløyst av breibandutbygginga.
- Konkrete døme på betyding for lokal næringsutvikling.
- Betring i mobildekning.
5%

Nkom legg vekt på at vi i ein søknad om tilskot skal opptre nøytralt i høve til val av teknologi.  Dersom vi får tilsegn om tilskot vil vi måtte velje utbygger gjennom ein anbodsprosess.

Kom med innspel!

Valdres Natur- og Kulturpark, på vegne av kommunane, ynskjer innspel og informasjon om eventuelle lokale forhold som bør vektleggast. Sjå evalueringskriteria for ordninga ovanfor. Gode innspel gjer at det blir enklare å lage ein god søknad om tilskot til breiband.

Det er stor konkurranse om dei offentlege tilskota, difor vil område der innbyggjarane viser særskilt engasjement, stille sterkare. Sjå tabellen ovanfor.  Difor oppmodar vi innbyggarar / næringsliv / lag og organisasjonar m.m. til å koma med innspel og argument som til dømes: 

  • - Kvite områder - eller kombinerte kvite og kvite NGA områder (dvs. områder heilt utan dekning)
  • - Underskriftslister med forplikting på kjøp når tilbodet kjem
  • - Område der innbyggjarane seier seg villig til å betale eit etableringsgebyr
  • - Område der innbyggjarane vil gjera ein dugnadsinnsats
  • - Område der ein får tilgang til eksisterande infrastruktur (grøfter, trekkerøyr, stolpar, bygningar)
  • - Husrom for nodebu/ noderom/ kabelskåp, elektronikk mm
  • - Område med bidrag frå lokale bedrifter og institusjonar

Adresse for høyringsuttalene:

Innspel og informasjon kan sendast på e-post til region@valdres.no og merkast "høyringsuttale breibandutbygging", innan 20. april 2017, kl. 12:00.

Kontaktinformasjon:

Valdres sin kontaktperson for ein felles søknad er Aslag Hamre, epost: Aslag.Hamre@valdres.no, tlf. 95 05 80 09

Meir informasjon om ordninga, finn du i skildringa av tilskotsordninga (PDF, 212 kB).

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: