Ny Valdres T-skjorte i sal!

Ny kolleksjon: Her ser du tre variantar av den nye Valdres T-skjorta vist fram av Valdres Natur- og Kulturpark sine tilsette. Frå venstre: Fredrik Holte-Breien, Ina Syversen og Henning Wangsnes. (Foto: Lene Hovi)

Etter fem år er «Grepa stolt» T-skjortene skifta ut med ein ny kolleksjon. Ny design og nye fargar er å finne i hyllene på kontoret til Valdres Natur- og Kulturpark i desse dagar.

Opnar «butikken» 15. juni

Komande fredag får du kjøpt T-skjortene i Skrautvålsvegen 77 (i Næringshagen, 2. etasje), og du får både ein kaffikopp og kan slå av ein triveleg prat om du svingar innom mellom 11.00 og 15.30.

- Vi hadde meint å lansere dei nye T-skjortene på Valdresdagen 23. juni, men så kom dei noko tidlegare enn venta. Då fekk vi lyst til å invitere til eit lite førsal og open dag denne fredagen, fortel Henning Wangsnes.

Wangsnes jobbar som kommunikasjonssjef i Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) og har designa den nye T-skjorta.

- Så lenge butikken er i kontorlokala våre, så kan du fredag gjerne helse på oss som jobbar i VNK og kanskje bli meir kjend med kva vi jobbar med óg. Det blir utruleg triveleg for oss å bruke delar av kontordagen til å prate med folk, og det er absolutt ingen kjøpetvang. Vi i VNK jobbar med å bygge identitet og samhald for dei som bur i, og har eit forhold til Valdres, slik sett er desse T-skjortene eit lite bidrag, seier Wangsnes.

Fortsatt «stolt» identitetsbyggjar

Dei nye T-skjortene har ikkje slagordet «Grepa stolt tå Valdres» påtrykt, men har fellestrekk med den tidligare og kjente designen. I tillegg ville VNK no ha sertifisering for økologisk bomull og Fairtrade. Prisen har difor gått noko opp, og dei nye T-skjortene kostar 299 kr for vaksne og 199 kr for born.

-  «Grepa stolt» T-skjortene har vore voldsomt populære, men vi fekk lyst til å lage ein meir nedtona variant denne gongen. Den er fortsatt «stolt» – men med mindre tekst. Valdreslogoen, namnet «Valdres» på armen og slagordet «skjerper sansane» på ryggen, er element som er med vidare, men meir som dekorative element. Denne T-skjorta skal alle kunne bruke utan å gå rundt som ein reklameplakat for Valdres, seier Wangsnes.

Restsal på «Grepa stolt»

Det er fortsatt opp mot 200 stk av dei gamle «Grepa Stolt» T-skjortene i eit restsal, og desse går no ut for 100 kr pr T-skjorte. Det er i hovudsak att storleikar for born, storleik small og x-large for damer og storleik small for menn. 

- Restlageret sel vi ut rimeleg for å få betre plass i hyllene til dei nye T-skjortene. Det har vore folk innom dagleg for å handle «Grepa Stolt», så den har tydeleg ein stor affeksjonsverdi hjå folk, men no er det nye tider. Kom på fredag, ta ein kaffi med oss, og om den nye Valdres T-skjorta fell i smak, blir du av dei fyrste til å gå i den, seier Wangsnes, som har skaffa seg ei i rosa.

- Valdres er full av ekte mannfolk - og ekte mannfolk tør å gå i rosa, smiler han.

Kort - ikkje kontantar

I butikken kan du betale med kort, ikkje kontantar. Faktura kan du heller ikkje få i denne omgang. Men Valdres Natur- og Kulturpark vil gjera det mogleg å kjøpe større kvanta via faktura på sikt, hvis nokon ynskjer det. 

Komande fredag er det kun sal via kort som let seg gjera.

Kjell Berge Melbybråten, ordførar i Øystre Slidre, fekk teste butikken denne veka og endte opp med ei kokskgå T-skjorte med lys grått trykk (Foto: Lene Hovi)

Detaljar av den nye designen, og merkelappen som viser at T-skjorta er av økologisk bomull og produsert under bærekraftige og forsvarlege førehald.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: