Etnedal tek initiativ: Vil hauste av kulturminneplanane

Til stades på møtet var Nina Grønbrekk og Kari Elin Saglien frå Etnedal kommune, Erlend Gjeldsvik, Toril Nygård og Magnhild Apeland frå Innlandet Fylkeskommune, Anne Marit Noraker frå Valdresmusea AS og Katharina Sparstad frå Valdres Natur- og Kulturpark (Foto: Katharina Sparstad)

Etnedal kommune ved kulturkonsulent Nina Grønbrekk har teke initiativ til eit oppfølgingsmøte for temaplaner for kulturminne i kommunane. Målgruppa denne gongen er kommuneadministrasjon ved plan- og kultursektor. Førebels arbeidstittel er «Kulturminneplaner – Kva no?»

Auka aktivitet

- Engasjementet kring temaplanane har vore stort, og fleire minne har fått auka aktivitet og fokus som ein følgje av planane. Takka vere private eigarar og frivillig innsats har alle vore med å bidrege til å gjere dette meir attraktivt. Det er positivt at lokalsamfunnet og kommunane viser eit auka engasjement og ynsker ta ansvar om kulturminna, sa Torill Nygård frå Innlandet fylkeskommune.

- Kulturminna er viktige i det lokale utviklingsarbeidet, og kan bidra til verdiskaping både kulturelt og økonomisk. Skal kulturminna nyttast positivt i framtida bør dei også sikrast. Derfor er det viktig at planavdelinga koplar seg sterkare på, sa Nygård.

Befaring på Blåflat skysstasjon. Her var også ordfører i Etnedal, Linda Mæhlum Robøle, med. Eigar av Blåflat, Einar Kringli, synte møtedeltakarane rundt om i den gamle skysstasjonen (Foto: Katharina Sparstad)
 

Haustmøte ved Etna Mølle

Møtet er planlagt i september, og det er førebels tenkt 2-3 frå kvar kommune. Oppfølgingsarbeidet med temaplanane er i dei fleste tilfelle sektorovergripande. Mange har også eit potensiale for tilrettelegging og opplevingsturisme. Difor er det ønskjeleg at både plan- og kultursektor, fylkeskommunen, VNK, Valdresmusea og Visit Valdres deltek på møtet.

Møtet skal syne gode døme og gje råd til forvaltinga. Det er også viktig å få fram at kulturminneforvaltninga har betyding for korleis vi former Valdres for framtida.

Detaljane for samlinga er ikkje klar, men møtet blir truleg på Etna Mølle som også er eit utvald minne i Temaplan for Kulturminne i Etnedal.

Status for kulturminneplanarbeidet:

Valdres Natur- og Kulturpark har samarbeida med kommunane om å utarbeide ein Temaplan for kulturminne. Temaplanane inneheld ein generell del, ein del om prioriteringar i Valdres og ein del om dei viktigaste tema for kulturarven i den enkelte kommune. I tillegg er det eit kapittel om 20 minne som vert vektlagt i denne perioden, det vil seie i ei fire års-periode. Hensikta er at planen vert revidert etter fire år, og at nye minne har høve til å komme inn eller at minne takast ut av planen.

Les meir om arbeidet og dei ferdige kulturminneplanane her

Vang, Vestre Slidre, Etnedal og Sør-Aurdal har vedtekne temaplaner for kulturminne.
Nord-Aurdal har plan under arbeid, medan det førebels er uklårt om kva for løysing Øystre Slidre ynskjer.

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: