Pant boksen - ikkje kast den i naturen

Metallboksar i enga høyrer ikkje heime der. (Foto: Karoline Finstad Vold)

Husdyr på beite er eit kjent og kjært syn i Innlandet – framleis. Mjølkesjokoladereklame! Men når dyr får i seg søppel, blir harmonien borte og store lidingar eller død eit faktum.

Tekst: Guri Grønolen
Fylkesmannen i Innlandet

I sommar skal vi ha Noregs-ferie, dei aller fleste av oss. Oppfordringa frå Fylkesmannen i Innlandet er klar: Vis omsyn til dyra, ta søppelet ditt med heim! Kast ikkje metallboksar i naturen – dette er matfatet til dyra! Om dyra får i seg metall, kan det føre til indre blødningar og død.

Kampanjestart

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har saman med nestleiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, starta Norges Bondelags landsomfattende informasjonskampanje "Pant boksen". Målet er å gjera folk medvitne på hva som faktisk kan skje dersom du slengjer frå deg brus- og ølboksar i naturen.

Les meir om denne kampanja her (www.regjeringen.no)

Vern om husdyra

Magnhild Strand, mjølkeprodusent i Beito, registrer at det blir kasta meir og meir boksar der det ferdast mykje folk. Familien leiger eit jorde på Beitostølen der eigaren, i samarbeid med turistnæringa, gjennomfører ei grundig rydding av alt søppel som har hamna på jordet i løpet av vinteren. Strand set stor pris på at denne jobben vert gjort kvar vår.

Bønder elles i Innlandet fortel om ein innbitt kamp mot skarpe metallbitar frå aluminimumsboksar som er hamna i åker og eng, er vorte kutta opp under innhausting og til slutt endar i fôret til dyra.

Lett å løyse

Korleis kan du bidra til at verda blir ein tyggare og betre stad for dyra? Ta med deg søppelet ditt heim!  God sommar – og velkomen til gode feriedagar i Innlandet!

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: