EN

NO

DE

Folkemusikk i notid og framtid - tilskotsmidlar 2021

18. Februar 2021

Folkemusikk i notid og framtid utlyser lokale tilskotsmidlar for 2021. Biletet er frå forestillinga "Sagnet om Hulabakken" som mottok tilskotet i 2018. (Foto: Arne Perlestenbakken/www.hedalen.no)

Valdreskommunane forvaltar ei tilskottsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans.

I 2021 er det 60 000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–2 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte. Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og skal inngå i Den kulturelle skulesekken. Søkjarar busett i Valdres vert prioritert. I  2020 gjekk tilskottet til førestillinga Knutemor med Mamalooks som p.g.a Covid-19 er utsett og planlegg premiera på kvinnedagen 8.mars 2022 på Riksscena. Førestillinga vil bli synt i veke 11 gjennom Den Kulturelle Skulesekken i Valdres

Vilkår for tildeling:

  • Ferdigstille og tilby produksjonen til barnehagar og eller skular i Valdres innan skuleåret 2022/2023
  • Tilby produksjonen til barnehagane/ skulane i Valdres i samsvar med dei satsane DKS/ Rikskonsertane nyttar eller etter avtale.
  • Utøvarane skal delta i ein evalueringsprosess og rapportere innan 1.1.2022. Støtte til nye produksjonar vil ikkje bli gjeve før rapport ligg fere. Kulturnettverket i Valdres kan kalle inn til eit møte for å drøfte røynsler, marknadsføring m.m.

Søknaden skal sendast til info@valdres.museum.no innan måndag 15. mars  2021.
Her finn du søknadsskjema til nedlastning

Ved spørsmål, kontakt ks@valdres.no på epost.
Søknaden skal sendast til info@valdres.museum.no innan måndag 15. mars 2021.

Ordninga er eit samarbeid mellom Valdres Natur- og Kulturpark, Valdres-kommunane og Valdresmusea.

Sjå video frå Sagnet om Hulabakken:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk hva skjer

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:
Datoer

Søk mat og drikke

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

Søk overnatting

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord:

følg oss på Facebook