Ynskjer velkomen til digital mini-Hemsingfestival

Digital konsert frå vinterlege Valdres. Frå venstre: Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Håvard Gimse og Marianne Beate Kielland. Konserten er spelt inn i Frikar-Smia i Aurdal. (Foto: Hallgrim Hansegård)

Hemsingfestivalens digitalkonsert:
«Vinterstemning frå Valdres»

Ein gratis, digital konsert, eller ein “mini-Hemsingfestival”, blir sendt på Facebook onsdag 24. mars kl. 19.30 og blir lansert på festivalens heimeside og YouTube-kanal torsdag 25. mars kl. 11.00.

Her finn du link til facebookeventet og konserten: "Vinterstemning frå Valdres"

Med Marianne Beate Kielland og Håvard Gimse på laget inviterer Eldbjørg og Ragnhild Hemsing til ein herleg time klassisk musikk frå FRIKAR-smia i Aurdal.

Til trufast og nytt publikum

Hemsingefestivalen har kvart år vore arrangert i februar i veke 8, då vinteren og Valdres er på sitt vakraste. På grunn av pandemien er festivalen i år flytt til 8 - 10. oktober.

Dei kunstnarlege leiarane, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, har kjent på saknet etter publikum og å få formidle frå scena i fleire månader. Løysinga vart å markere Hemsingfestivalen digitalt, og slik sett gje både trufast og nytt publikum ein smakebit av kva festivalen ville bydd på ved normale høve.

- Me inviterte med oss våre fantastiske musikarkollegaer Marianne Beate Kielland og Håvard Gimse til å spele inn ein digital konsert midtvinters i Aurdal. Me er fire musikarar som kjenner kvarandre godt og me synes det var veldig hyggjeleg å kunne gjere denne konserten ilag, seier Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.

Les også:
Festivalfri februar for Ragnhild og Eldbjørg Hemsing:
"Vi måtte tenke nytt og positivt"

Med ein digital markering håpar dei at ventetida til oktober kjennes kortare, både for publikum og dei sjølve.

- Stemninga under innspelinga var fantastisk, med spøk og alvor og eit breit repertoar. Me gler oss til å vise fram resultatet, seier dei to.

Musikalske perler

Alle er hjarteleg velkomne til gratis digitalt møte med stor musikk. Det blir ein times program med musikalske perler og i eit variert møte med norsk musikk, men også Brahms, Dvorak og Schostakovitch. Publikum vil også få høyre musikk av Kvandal og Halvorsen i ny drakt med arrangement for hardingfele, sang og klaver.

Klikk her:
Dette er linken til den digitale premieresendinga av konserten på Facebook 24. mars kl 19.30 
Konserten vil også bli lagt ut på heimesida til festivalen, www.hemsingfestival.com , torsdag 25. mars
.

Den digitale konserten frå Frikar-Smia i Aurdal er produsert av FRIKAR.
Hemsingfestivalen, info@hemsingfestival.com , vipps #89858

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: