Straks klart for Hemsingfestival

Aurdal kyrkje er hjarta i Hemsingfestivalen (Foto: hemsingfestivalen)

Med frislepp av koronarestiksjonar og dei siste dagars påfyll av snø ligg alt til rette for stor musikk og ekte vinterglede når Hemsingfestivalen 2022 brakar laus!

- Kulturlivet har opna og me kan endeleg ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival i full vinterdrakt. 24.-27. februar kjem internasjonale stjerner frå heile verda til den vesle fjellbygda vår Aurdal. Me skal skape intime møte med stor musikk og by på kvalitetane Valdres har å vise, seier Ragnhild og Eldbjørg Hemsing i ei pressemelding.

13 konsertopplevingar

Festivalprogrammet for 2022 inneheld 13 ulike konsertopplevingar på fire dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. Nokre artistar har delteke på festivalen tidlegare som Andreas Brantelid (cello), Julien Quentin (klaver) og Lilli Maijala (bratsj). Nye artistar av året er blant anna den norske barytonen Johannes Weisser og pianisten Enrico Pace.

I år gjestar også to yngre talent i det nystarta Hemsing Akademiet for klassisk musikk og folkemusikk. Desse er vorte handplukka gjennom ein audition i samarbeid med Barratt Due musikkinstitutt. Talenta vil få meisterklasser innanfor folkemusikk, folkedans og klassisk musikk i tillegg til å spele på utvalde konsertar på festivalen, også i kammermusikk med dei profesjonelle artistane.

Intime scener

Kyrkja i Aurdal er festivalens naturlege midtpunkt. Her blir dei klassiske kammerkonsertane spelt, samt opnings- og avslutningskonsertane. Kyrkja frå 1700-talet har ei naturleg varm atmosfære. Det same har Frydenlund Skysstasjon, Frikar-Smia, Aurdal Fjellkyrkje og Noraker Gård. Nythun stiller, som vanleg, opp som trufast partnar og er festivalhotell for dei komande festivaldagane i februar.

Andre konsertopplevingar som har vorte årgangsklassikarar på Hemsingfestivalen er «Smak med tonar» på Nythun, «Musikkapperitiff» på Frydenlund skysstasjon, «Rakfisk Forte Fortissimo» på Noraker Gård og matinékonsertane «Musikksporet» i Aurdal fjellkyrke med guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen, der publikum får oppleve dei fine skiløypene i området.

For alle aldrar

Elles ynskjer me å spre musikkglede også til dei yngre. På laurdagen arrangerer festivalen familiedag i Frikar-Smia. Dagen består av både uteaktivitetar i samarbeid med Barnas Turlag og ei eventyrstund inne med Mari Maurstad og Valdresstykerne som presenterer «Revenka og pannekaka». Familiedagen er ope og har gratis påmelding.

Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er opptatte av å motivere og rekruttere born, unge og nye talent under Hemsingfestivalen (Foto: Hemsingfestivalen)

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: