- Me vil halvere utsleppa våre innan 2030


Vinjerock, festivalen ved Eidsbugarden, har lenge jobba for minst mogeleg avtrykk. No tek dei sin grøne filosofi endå lengre. (Foto: Fredrik Holte Breien/Vinjerock)

Med Sweco på laget har Vinjerock store ambisjonar for ei grønare framtid. For at måla skal bli nådd, vil dei ha publikum med på laget.

I fleire år har Vinjerock gjort tiltak for å bli meir miljøvenleg og få ned utsleppa frå festivalen. Mellom anna ved å gjenbruke materiale, bruke elektrisitet på området, slutte å fly i organisasjonen, kutte ned på innkjøp, kutte eingangsplast og sette opp bussar frå dei store byane. Det siste prosjektet førte til lokal grønsaksproduksjon og eksperimentering med kompostering av eingangsavfall. 

- Me har gjort dei mest tilgjengelige tiltaka, men me ønskjer likevel å ta nokre steg vidare. Då var løysinga å få med Sweco på laget, dei er proffar på å rekne ut kva klimatiltak som kan hjelpe, seier festivalsjef Sigrid Skjerdal.

- For oss har det vore artig å samarbeide med ein musikkfestival med høge klimaambisjonar, for om ein skal nå målet om ein 1.5 graders verden innan 2050 må me endra måten med lev liva våre på - dette gjeld også kulturlivet. Eg håpar fyrst og fremst at me, med utgangspunkt i tiltaka me har foreslått, klarar å skape ein festival med mindre negativ påverknad på kilmaet, og at andre let seg inspirere til å ta enda meir klimavennlege val, seier Silje Skjelsvik, klimastrateg i Sweco. 

Utradisjonelt samarbeid

- Det som er kult med festivalar, er at dei er som ein mini-landsby i seg sjølv. Her har me all infrastruktur som ein har i ein samfunn, forteller festivalsjefen.

Saman med studentar frå NTNU, har Sweco dykka inn i alt av bestillingar og dokumentasjon frå Vinjerock i 2019 og satt utsleppstalla frå festivalen i system, kalla klimarekneskap.

– Basert på denne innsikta har me utarbeidd eit rekneskap med forslag til kvar Vinjerrock kan kutte i sine utslepp på mest mogleg effektiv måte. Kartlegginga visar at 82 ptosent av utsleppa er knytt opp mot transport, så det er ikkje noko tvil om at den mest effektive måten å kutte i utsleppa på er å få fleire Vinjerockarar over på buss, seier Skjelsvik frå Sweco.

Slik kan festivalen sjå kvar utsleppa er størst, og i tillegg har Sweco kome med forslag til konkrete tiltak til korleis nå målet dei no har satt seg.

LES OGSÅ: Valdres Sommersymfoni tar klimagrep

Ønskjer hjelp frå publikum

Og målet er ikkje berre enkelt. 

- I fyrste omgang vil me halvera utsleppa våre frå 2019-nivå til 2030, i tråd med Paris-avtalen. I neste omgang håpar me å bli ein nullsleppsfestival innan 2050, seier festivalsjefen.

Øvst på utsleppslista står transport og mat. Vinjerock kan difor gjere tiltak som å samkøyre transport av varer og leveransar, eller velje meir lokalt, og bruke fleire sesongvarar.

Den største effekten får dei derimot viss publikum også hjelper til, og festivalsjefen påpeiker at publikum vil høyre frå dei når det nærmar seg. Ho er sikker på at mange har lyst til å hjelpe til.

- Om halvparten av festivalpublikummet tek buss, kan vi kutte transportutsleppa med 30 prosent, forklarar Skjerdal.

I tillegg er det mykje å hente på bil. Dersom det i snitt er tre personar i kvar bil som køyrer til Vinjerock, blir utsleppa frå transporten til festivalen 20 prosent lågare. 

I 2022 er det endelig tid for vanlig festival, etter to års pause. Det er ein yppearleg moglegheit for å ta eit sjumilssteg vidare i utsleppskutta.

- Det er lett å tenke at det ikkje hjelper om ein som enkeltperson tek eit grønare transportvalg. Men når me ser på effekten om mangen av Vinjerockarane tek grøne val, så tek me plutselig eit stort innhogg i festivalen sine utslepp, seier Skjerdal.

Sigrid Skjerdal er festivalsjef for Vinjerock. No ynskjer ho at eit allereie opplyst og miljøbevisst publikum kan bidra til at festiivalen blir endå grønare. (Foto: Christine Blix/Vinjerock)

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: