Lær om Reinli stavkyrkje
Om
Reinli stavkyrkje vart bygt for 800 år sidan i år. I dette høvet inviterer Reinli sokneråd og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) til fleire kveldar der fagfolk fortel om kyrkja. Valdresmusea fortel om det pågåande prosjektet "Kunnskapsløft for middelalderkyrkjene", der vi vil undersøke korleis middelderkyrkjene i Valdres i større grad kan bli ein stad for historisk refleksjon, fellesskap, læring og lokal identitetsbygging. Det er høve til å stille spørsmål og dele lokalkunnskap.
Les meir om Reinli kyrkje her
Tysdag 9. juni blir det foredrag om stavkyrkjene og stavkyrkjearbeidet i Noreg generelt og stavkyrkjene i Valdres og Reinli spesielet. Denne gongen er det Ingeborg Magerøy, fagdirektør for kyrkjeseksjonen til Riksantikvaren, som kjem og forel.
Ho fortel om stavkyrkjene som nasjonalt og internasjonalt fenomen og korleis stavkyrkjene har vore behandla og oppfatta gjennom tidene. Korleis arbeider Riksantikvaren med kyrkjene i dag? Kva finst av kunnskap og kunnskapsmangler på stavkyrkjefeltet? Og korleis er stavkyrkene i Valdres og særleg Reinli samanlikna med dei andre bevarte stavkyrkjene?
Det vil bli servert kaffi og biteti, og kveldene er gratis og opne for alle. Velkomen!
STAD: Reinli stavkyrkje
TID: Tysdag 9. juni 2026 kl. 18
ARR: Reinli sokneråd, NIKU og Valdresmusea
TripAdvisor
2933 Reinli
Åpningstider
| Reinli stavkyrkje (9 jun 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Tirsdag | 18:00 | |








