Om
Er du interessert i hage, dyrking og trivelege møteplassar? Vi lurer på om det kunne vore ein god ide med Fjellhage på Furustrand. Vi vil gjerne høyre kva du tenkjer om det!
Kom og høyr gode foredrag og del synspunkta dine.
I Gapahuken på Tingvang blir det lett servering før programmet byrjar.
PROGRAM:
- Ordførar Bjarne Budal informerer om ideen om Fjellhagen på Furustrand
- Anders Nordrum fortel om dyrking av nyttevekstar i fjellstrøk
- Lise Urset, Hamar kommune, fortel om arbeidet sitt med Urbant landbruk, m.a skule- og sansehagar, frøbibliotek, pollinatorsoner og urbane bier
- Mari Jensen Aas, Statsforvaltaren i Innlandet, fortel om dyrking i fellesskap i byar og tettstader og viser eksempel
Spørsmål?
Malin Neteland, landbruksrådgjevar i Øystre Slidre kommune e-post: malin.kyrkjeeide.neteland@oystre-slidre.kommune.no tlf. 90475493
Arrangørar: Øystre Slidre kommune, Statsforvalteren i Innlandet og Valdres Natur- og Kulturpark