Om
Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren.
Program:
Georg Philipp Telemann: Frå Ouverture og suite for gambe og orkester:
Ouverture,Trompette, Sarabande og Bourree
André Lislevand (gambe) og Barokkanerne
Georg Philipp Telemann: Bratsjkonsert i G-dur
Lilli Maijala (bratsj) og Barokkanerne
Franz Schubert: Frå Arpeggione Sonate «Allegro Moderato»
André Lislevand (gambe), Jadran Duncumb (lutt) og Barokkanerne
Georg Philipp Telemann: Konsert for gambe og blokkfløyte
André Lislevand (gambe), Ingeborg Christophersen (blokkfløyte) og Barokkanerne