Torsdagskvelden inviterer vi til foredrag; først ved murarinstruktørane Knut Andreassen og Hans Magne Lunde, deretter med Katharina Sparstad som har jobba mykje med kulturminne i Valdres, og kjenner kongevegen godt. Til slutt blir det foredrag ved Cathrine Thorstensen, som er arkeolog ved Norsk Vegmuseum og har jobba mykje med gamle ferdselsårer i Noreg. Ho vil gjennom dette foredraget dela ein del av sine erfaringar ved istandsetjing av nokre av desse.