Kunstnarmøte på Litteraturtunet
Om
KUNSTNARMØTE PÅ LITTERATURTUNET!
MØT BJØRG THORHALLSDOTTIR OG LINN T. SUNNE
Bygdinvegen 1830, 2943 Rogne
Dette er to framifrå kunstnarar med kvar sine uttrykk.
Bjørg kjenner me som ein gledesspredar både som person, og gjennom bileta og bøkene sine.
Linn har gjeve ut mang ei spanande og underhaldande bok, særleg retta mot unge, men som også høver for eit voksent publikum.
Det blir samtalar mellom dei to, og også mellom dei to og de som møter opp.
Det vert open mikrofon, der de som møter opp vert oppfordra til å lesa eigne eller andre sine tekstar som de er glad i, sjølvsagt om de har lyst!
Denne kvelden blir det også opning av Litteraturstig frå Litteraturtunet til Torget i Volbu, dette ved Øystre Slidre dialekt og mållag.
På tunet blir det varme bålpanner, så ta gjerne med mat og drikke som høver til.
Elles sal av kaffi, te og tilbehør.
INNGANG KR 150,-
ARRANGEMENTET ER EIN DEL AV VOLBUDAGEN.
Øystre Slidre dialekt- og mållag er også med å setja preg på dagen.
Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Regionalt kulturfond Innlandet.
TripAdvisor
2943 Rogne
Åpningstider
| Litteraturtunet (12 jun 2026) |
|---|








