Søndag 7.desember inviterer vi til Lysmesse med barnedåp i Skrautvålskyrkja.
Etter messa, ca. kl 16:45 samlast vi utanfor kyrkja der medlemmar frå soknerådet deler ut faklar til dei som vil ha. Så syng vi "Det lyser i stille grender" og går til Gamle Døvre skule ved barnehagen for å tenne julegrana. Inne i det gamle skulehuset vil nokon frå grendelaget servere varm gløgg, saft, pepperkaker med meir.
Det er veldig triveleg inne i kyrkja, og vi håpar det er mange som vil bli med på lysmessa. Alle er velkomne inn sjølv om dei kjem mot slutten av messa. Og alle er velkomne til å gå i tog sjølv om dei ikkje er med i kyrkja.
Vi reknar med å starte toget rundt 16:45, og vi prøver å gå samla bort til gamleskula.
VELKOMEN!