Minikurs på Litteraturtunet
Om
MINIKURS MED BJØRG THORHALLSDOTTIR OG LINN T. SUNNE
Det blir to grupper, ei av dei med pensel og lerret med Bjørg, som me kjenner som ei sprudlande dame, både gjennom bilete, tekst og som person.
Kanskje kan ho få noko av denne energien over på oss?
Lær om måleteknikkar av Bjørg Thorhallsdottir, og få
tips om korleis du kan skriva betre av Linn T. Sunne!
Litteraturtunet har vore heldig å få med desse to framifrå damene
til å dela litt av sin kunnskap med dykk som møter opp!
Linn er kanskje mindre kjent, men likevel ein anerkjent forfattar, og svært produktiv! Ho har gjeve ut eit stort antal bøker, mest retta mot barn og unge. Ho vil dela nokre av sine tips om korleis me kan skriva betre.
Det blir også aktivitar som Øystre Slidre dialekt- og mållag tek hand om.
Kursa varer frå kl. 11-14 og kostar kr 500,- Inngang på tunet: kr 150,-
Påmelding tlf. 976 89 065, eller ved oppmøte.
(Det er begrensa med plassar på kursa).
Sal av kaffi, te, saft, rummegraut og kaker.
ARRANGEMENTET ER EIN DEL AV VOLBUDAGEN.
Øystre Slidre dialekt- og mållag er også med å setja preg på dagen.
Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Regionalt kulturfond Innlandet.
TripAdvisor
2943 Rogne
Åpningstider
| Litteraturtunet (13 jun 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Lørdag | 11:00 | - 14:00 |








