Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Det har vi gjort kvart år sidan 1994. Alltid første sundag i desember.
MØTE MELLOM GENERASJONAR
Lær om gamle førjulstradisjonar
Høyr lyden av dombjeller og kulturskulen
Lag julepynt og sopelime
Sjå demonstrasjon av handverk
Kjøp julegaver og mat til julebordet på førjulsmarknaden
Opplev vennelagsbasar, kl. 15.00
Open museumskafé og utandørs matsal på festplassen
Parkering ved Valdres Folkemuseum og i parken på Fagernes
STAD: Valdres Folkemuseum TID: Sundag 7. desember Kl 12.00-16.00