Om
Skogsdrifta var blant dei største næringane våre. Den skaffa råstoffet til viktige industribyar, men var også mykje meir enn det: Gjennom hogst og fløyting vart naturen og livet knytt saman. I skogen vart gutar til menn, medan skogsarbeidet forma landskapet - både det ytret og det indre. I skogen vart det danna førestillingar om kven me er og kvar me kjem frå.»
I boka Skogens menn tar Ingar Kaldal oss med langs fløterelvene og inn i skogsbygdene, der han lèt oss møta fleire slags skogfolk, både menn og kvinner. Han opnar ei dør inn til ein heil kultur som er i ferd med å gå tapt, og som me i ei oppjaga tid kan ha godt av å dvela ved. Skogen har vore ein stad ikkje berre å arbeida, men å søkja etter eit meir ekte liv, og finna seg sjølv.
Velkomen til foredrag om skogsfolk ved historikar Ingar Kaldal.
TID: Torsdag 25. september 2025 kl. 19.00
STAD: Bagn Bygdesamling
PRIS: Kr 140 (Under 26 år kr 50)
ARR: Valdresmusea