Om
Skrivekurs: med Eldbjørg Brekke: «Med sans for ord»:
Ein tekst skrive med utganspunkt i sansane våre vil også lesast med sansane. Slik så skapar me noko meir enn berre ei forteljing. Me skapar ei oppleving i eit nærvær. Dette er innfallsvinkelen for kurset, der ein skal bli inspirert av miljøet på og rundt Litteraturtunet.
Målet er å skapa eigne små tekstar, som deltakarane deler med dei andre, med ei etterfylgjande samtale.
Eldbjørg Brekke
Eldbjørg seier dette om seg sjølv: «Eg har hatt fleire liknande kurs som har blitt møtt veldig positivt. Utruleg kva som ligg gjøymt i sanseapparatet vårt. Det er skjønnlitteratur som er mitt fagområde. Eg debuterte med romanen Blenda i 2007, 53 år gamal. Er pedagog og kulturformidler, har landbruksbakgrunn og bur i eit gamalt tømmerhus i Saksumdal».
Det vil vera mogleg å overnatte på Litteraturtunet.
Felles måltid rundt kjøkenbordet (tre måltid kvar dag)
Pris: Kurs inkludert måltid, kr. 3.500, -
Overnatting, kr. 800, -
Påmelding til: Litteraturtunet ved Odd Arne Rudi, odd.a.rudi@hotmail.com innan 20.september.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt på e-post eller telefon 97 68 90 65.