Om
Hemsingfestivalen inviterer til
Vandrekonsert på museet
21.12. kl. 12-14
- Hele tre konserter i samme billett -
Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Du blir møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet. Større grupper blir bedne om å bestille bord: post@fjordkafeen.no / +47 489 49 090
Program
Konsert 1, Festsalen
Klassiske tonar med Eldbjørg Hemsing (fiolin), Raphaela Gromes (cello) og Julien Quentin (klaver)
Lengde: 20 min
Frédéric Chopin: Waltz op. 64 nr. 2 i ciss-moll
Clara Schumann: Klavertrio g-moll, op. 17, 3. sats
Felix Mendelssohn: Klavertrio nr. 1, op. 49, 1. sats
Konsert 2, Rognebygningen
Folkemusikkstund med Unni Løvlid (song) og Johannes Martens (cello og hardingcello)
Lengde: 20 min
Konsert 3, Slidrehuset
Forteljarstund med Hanna-Maria Grønneberg (skodespelar)
Lengde: 20 min