- Relevant og spanande arbeid var avgjerande

Ole Steinar til venstre og Jonathan til høyre.Ole Steinar Grøv og Jonathan Øraker har begge landa gode og relevante jobbar i Vang og flyttar heim til bygda. (Foto: Ida Nordland Hillestad)

Ole Steinar Grøv (27) og Jonathan Øraker (26) flyttar heim til Vang og tek no fatt på kvar sine spanande jobbar hjå Vang Auto-Service.

Tekst: Ida Nordland Hillestad
www.vangivaldres.no

- For min del har det vore planen heile tida, å på sikt flytte heim til Vang. Å ha landa ein god og spennande jobb hjå Vang Auto-Service er veldig kjekt, smiler Ole Steinar Grøv. 

Han kjem flyttande frå Øvre Årdal, der han har arbeida hjå både Indre Sogn Bil og Hydro Aluminium dei siste seks åra. Grøv har også med familien heim til Vang, med sambuar og to små barn. Medan Øraker kjem frå jobben som erfaren bilseljar hjå Møller Bil i Oslo. 

- Eg var i utgangspunktet veldig fornøgd med jobben min i Oslo, men då eg fekk tilbod om ein så attraktiv og kul stilling her, var det lett for meg å vende attende til Vang, seier Jonathan Øraker. 

Ein attraktiv arbeidsplass 

Både Grøv og Øraker har vore utanbygds i mange år. Når dei no er tilbake i bygda, er dei er begge veldig samstemte om at relevant og spennande arbeid har vore avgjerande for å flytte attende til Vang. 

- Arbeid er utruleg viktig og eg er veldig takksam for at Vang Auto-Service satsar så ungt og er på tilbudssida for at me skal trives i jobbane våre. Dette er ein attraktiv arbeidsplass og det føles bra å ha landa her, smiler den rykande ferske seljaren for snøscooter og ATV. 

Øraker fortel at ein anna årsak til at han flytta heim, er meir tid til det han likar å drive med. Blant anna er han ein ivrig drifter, og brukar mykje av fritida si på å konkurrere innan dette. I tillegg er han sjølvsagt over gjennomsnittet glad i snøscooter. 

- Det er jo derfor dette er ein skikkeleg kul jobb eg gler meg til å ta fatt på, smiler han. 

Grøv er godt kjent med Vang Auto-Service frå før, då han både har hatt sommarjobb og jobba på snøscooterverkstedet tidlegare. No er han ansatt på bilverkstedet og ser fram til å ta fatt på nye utfordringar. 

- Ein stor bonus med å jobbe her er jo det gode miljøet, og at me er mange unge ansatte. Eit ungt miljø med mange kompisar rundt seg gjer jo at ein trivst endå betre, seier Grøv. 

No ser han fram til å etablere seg i heimbygda saman med familien, og få meir tid til å henge med kompiser. 

- Det føles bra å vera tilbake, smiler både Grøv og Øraker.