Lyden av vår i Valdres
21. april 2026
"Lyden av vår" er ein kåserande tekst av Olav Norheim, skreve for og publisert i boka RISS, som er ulike forteljingar om og frå Valdres. (Foto: Yngve Ask/Scanout for boka RISS)
Våren i Valdres er stutt og intens, ikkje heilt ulik ein og annan valdrisen.
Etter kalenderen begynner våren i Valdres midt på vinteren og varer til 1. juni. Så feil går det an å ta om fjellbygdene.
Men la oss no halde oss til kalender-våren vår. Mars begynner med hark og snufs, snøfres og steinsprut, høgmælt nordavind og ulande sønnavind. Så kjem april med mopedmekking og musikkøving, før mai endeleg kjem med motorsag og korpsmusikk.
1. mai er fridomsdagen, det same er 8. mai og 17. mai. Og 16. mai er den store barnehagedagen. Desse dagane kan det høyrast nokre bortblåsne og spinkle messingtonar og taktfaste trommeslag, der det enno finst musikkorps.
I Øystre Slidre stiller Sælshagadn gråtassforening og Skrævarokken mopedlaug fremst i 17. mai-toget. Det hender dei startar både på Heggenes og på Tingvang, i kvart sitt tog. Då er det alltid spennande å sjå kva for eit av toga som møtest fyrst. Ein veterantraktor og ein moped kan ikkje akkurat marsjere, men det er ikkje mykje om å gjera. Dei kan putre i marsjtakt og flagge i vind.
Fjellblom musikklag i Vang blæs så det høyrest i lund og li, med friske, norske melodiar og triste tonar frå Ukraina.
No kom eg på ei vandrehistorie i marsjtakt frå Røn Musikklag. Han med stortromma kom ikkje støtt inn der han skulle med slaga. Du må sjå på meg, sa dirigenten, anten det no var Jacobsen eller Andersen. Ja vel. Dirigenten gav teikn, men ingen trommelyd kom. Kva var det no då? Jau, eg såg på deg som du sa, og dermed så bomma eg på tromma, svara trommeslagaren.
Eg har sjølv ein vårsesong bak meg i Røn Musikklag, som einaste treblåsar i det dåverande messingorkesteret. Eg spelte kornettstemme på klarinett. Når klarinetten skar ut på grunn av mangelfull notekunnskap eller feil blåseteknikk, skjønte alle kven det var. Moro var det lell.
Andre bygder og grender har 17. mai-tog til nedlagde skular med pent brukt gamal nymåla Nuffield eller McCormick med tilhengar og kassettspelar. Eller kanskje det er cd.
Slik kan våren vera ute. Inne også, for den som øver.
Kvar årstid har sine lydar. Sumaren summar, hausten roar seg ned, vinter er dempa, men våren er ofseleg og spretten med lyd og lyst. Det er nesten så du kan sjå og høyre lauvet sprett og sevja stig og knoppane brest. Blodet susar, og dei unge hjarta dunkar så det høyrest heilt til neste nedlagde skulekrets.
Russen rusar og rasar, spyr og spelar russelåtar så folk vaknar klokka fire om natta. Russebilane tutar, russebussane dunkar. Russen rullar, dei som får vera med. Å rulle er visst eit litt finare ord for å råne, og råne er noko dei driv med på Fagernes, gjerne midt på natta midt i sentrum, og er visst endå verre enn å rulle, etter det dei seier. Russerulling og russerusing er eit høgmælt vårteikn og ungdomsopprør, sett i privatkapitalistisk system, høyrleg vårleg nattleg heilt oppi Valdres.
Eit anna innarbeidd vårteikn er at Kyrjøkulen kalvar med eit døyvd dunk ned frå Olberg, i alle fall fall isen ned før i verda, og då kunne kyrne sleppast ut i garden. Og då vart det liv. No er det vel ikkje att noko særleg korkje med kyr eller kyrjøkul. Dei som er særskilt skarpsynte og lydhøyre, kan lenger sør i dalen få med seg summinga av ein våryr myhank på Kjeldeknatten.
Våren er lyden av søle og slaps. Når slapset slepper taket, er det søla sin tur. Sølete gardsveg med sprut, så lenge det varar, og etter søla kjem knitringa av turr grus og grov pukk. Punkteringspukk.
I gamle dagar var den halvturre søla ein høveleg stad for å stå og lappe. Særleg utanfor prestegarasjen. Lyden av store femøringar som landa med ein lappelyd nær streken, eller stikka for dei som hadde stikke. Femøringar med kron og mynt på kvar side. Og så skulle femøringane ristast i kupa og sleppast ned på bakken med kron eller mynt. Dei modigaste satsa på egg eller «hærte» (halvte).
Av alle mil med veg i bygda var det ein snau kilometer med asfalt. Det var utanfor dokterkrysset, prestegarden og kyrkja. Når våren kom og snøen gjekk, gjekk det an å hoppe paradis der, og å gjeppe, midt i vegen på riksveg 60, hovudvegen mellom Bergen og Oslo. Smellet og takta av gjeppepinnar og gjeppelyd, den forsvinn aldri, ikkje eingong etter at vegen er lagt om.
Vårvinden ular utover fjorden. Det er vår. Sputreføssen sputrar, Rysja rasar, Ryføssen brusar, Jomsføssen ljomar, Føsseisføssen føssar, Leireføssen syng. Kvitvella går kvit, Raudøla er brun. Fjelldokka, Tisleia, Åbjøra, Leira, Aurdøla, Etna, Hølera strøymer nedetter. Begna buldrar. Urula rular. Alle elvar og fossar styrtar utfor og renn i veg dit dei skal og ikkje skal, innover eit kjellargolv og utover eit jorde, og til slutt til fjords og til havs.
I glaskarmen surrar ei fluge frå i fjor og vil ut. Ein kvefs krafsar ute og vil inn. Ein Vassfar-bamse frå Hedalens djupe skogar bufsar seg ut av sitt vinterhi, skubbar seg mot ein gråstein, skrapar og flisar opp ein granlegg, gryntar så smått, gryler etter kvart. Reven gneldrar. Tiuren leikar. Jerven seier ingenting, sløg som han er. Småfuglen småkvitrar. Skjora skvatrar. Gauken kjem galande. Og kråka kom etter på taket og gol.
Feiebilen feiar, skrapa skrapar, mc-en knallar, skuteren durar. Ein hyttebil på veg frå Før til Teslasyndin sklir og smell nedi spor i jord og gjørme på ein stølsveg til fjells.
Våren er song. Korsong kor gong. Frå Høre mannskor i nord til Sør-Aurdalkoret i sør tonar korsongen utover Valdres. Høre mannskor syng framleis med kvite songarluer, etter det eg ser og høyrer. Sjølv slutta eg i eit kor ein gong fordi dei ikkje hadde songarluer. Kva skal ein vel elles synge i kor for?
I Nord-Aurdal held dei seg med Vårflaumen spel- og dansarlag. Det er så du kan høyre vårflaumen spela og danse i masurkatakt. I Sør-Aurdal kan høyrast ljomen frå Begnaljom spel- og dansarlag.
Våren er våronn. Møka klaskar utover. Møkjaspreiaren vispar og flappar. Det skal harvast og sladdast og pløyast og såast på bratte jorde frå Hensåsen og like ned til Vangsmjøse, frå heilt oppi Hippesbygde og ned til Strøndafjorden. Traktorar durar, og støvføyka driv. Gardbrukaren hostar og harkar, lungene kvin og pip.
Dei hermar etter ein gardbrukar oppi Garli: Han sette fem tønner med potet og fekk opp att tre. Han kunne jo ikkje rekne med å finne att alle, sa han.
Det var potetane. Så var det poetane. Poetane kviknar til om våren i Valdres. Då er det poesisesong.
Lyrikaren Trygve Bjørgo var heilårsdiktar. I songen «Valdres, du venaste dalen i Noreg» frå 1942, tonesett av Sigurd Islandsmoen, diktar poeten eitt vers til kvar årstid. Som mange vil vita, går vårverset slik:
Valdres, i vårkvelden ljuvleg du drøymer,
dim-kåpa sveipest kring dalar og fjell.
Soli i sky-gull bak åsen seg gøymer,
tindane gløder og logar mot kveld.
Småfuglen tagnar på knuppande kvistar,
sunnavind messar i grønkande kratt.
Lint ifrå Begna det sjoar og kviskrar:
Vår-vene Valdres i draumslørde natt!
Marit Myhre tenkjer tilbake på «Nattlys morgon i mai»:
Vi kom heim
frå fest
Arabis lavde kvit
over steinmuren
Desse festane i mai –
stilte vi strengene
for høgt?
Denne angsten
for at livet skulle
renne ut i sand –
Men arabisen
laver enno kvit
over steinmuren
desse nattlyse
morgonar
i mai
Slik kan universell heimstaddikting om våren vera.
Meir vårlyd: Ein tidleg vårdag i 1967, 11. mars, hadde Norsk rikskringkasting sending med Ti i skuddet frå Fagernes. Det kunne høyrast over heile landet. «Inn med mentometerknappene», sa Vidar Lønn-Arnesen som vanleg. Dei mest fremmelege av Valdres-ungdommane hadde funne vegen til Fagernes. Popgruppa Pussycats fekk flest stemmer med The Craftsman, med munnharpe og el-gitar.
Ikkje nok med det. Berre nokre dagar før hadde Pussycats vore i Røn og spelt så det høyrdest både inni og utanfor samfunnshuset. Tilfeldig? Nei då. Dei la opp reiseruta slik at dei heldt konsert berre nokre dagar før Ti i skuddet skulle sendast frå same staden.
No er det lenge sidan Pussycats og lenge sidan lyden av våren 1967. Same det. Det kjem nye lydar og nye vårar i Valdres.
Om boka RISS
I november 2023 slapp Valdres Natur- og Kulturpark boka RISS i samarbeid med 26 ulike skribentar som skildra eit varmt og ekte Valdres gjennom 56 historier fordelt på fire årstider.
Meir om Boka riss kan du lese her: Kva slags spor set Valdres i deg og meg?
Du får kjøpt boka hjå Norli på Fagernes Kjøpesenter







Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram