Kva slags spor set Valdres i deg og meg?

Mann og ein hest står på eit jordeBoka RISS vart lansert 2. november og er ei bok som tek tak i både nye og kjende identitetsmarkørar i Valdres. Biletet overOle Knut Fausko er ein av få som framleis held arbeidshest i Valdres. Med Rotvollstjerna ved si side fortel han om kor viktig hesten har vore, og er, som kollega og ven. Historia om "Hestekaren" er skrive av Marit Beate Kasin og fotografert av Fredrik Holte Breien, og er ei av 56 historier i boka "RISS".

Det er skrive mykje og godt om Valdres. Eit søk ved det lokale biblioteket gjev oss ei imponerande treffliste over bøker og tidsskrift med "Valdres" i tittel eller emne. Ein kan tenkje at kvar ein topp, lokalkjendis, foss og kulturminne er skildra allereie. Mykje av denne litteraturen vart fordøydd med stor respekt i ei periode med idémyldring: Skal vi laga ei bok om identitet i Valdres? 

Kan vi kome under huda på valdrisen og alle andre som kjenner seg heime her?

Så ringte Jenny Komperud Edge til Valdres Natur- og Kulturpark. Det var ein haustdag i 2021 og ho ville be om lov til å tatovere Valdres-logoen på ryggen. Det fekk ho sjølvsagt lov til, på lik linje med dei om lag 60 andre vi kjenner til som har gjort det same.

Dette sette oss på eit godt spor. Kva meir enn eit fint symbol vart rissa inn i huda til Jenny berre nokre veker seinare? Kva for minner, verdiar, kjensler, mellommenneskelege band og framtidsutsikter vart blanda inn i blekket då kaldt og spisst stål møtte mjuk og varm hud?

"Identitet er ein del av korleis ein oppfattar seg sjølv, kva ein er, og kven ein høyrer til." innleier sosialantropolog Tom Bratrud boka RISS og held fram: "Valdres-identitet, som andre former for identitet, er derfor ikkje ein «ting». Det er noko som gradvis blir forma i relasjon med andre menneske og stader."

Folk møter folk

I dette spelerommet har vi late folk møte folk og historie møte notid. 26 ulike skribentar, både etablerte forfattarar og ferske stemmer, har fått opne opp noko dei forbind med Valdres eller korleis Valdres har sett eit preg, eit riss, i andre.

Kva slags identitetsmarkørar finst der ute, og er det rom for å sjå på dei med både varmt, nytt og skrått blikk?

56 historier, 153 bilete og fire årstider

Dei 56 historiene i RISS er både humoristiske og djupt personlege. Kåserande og lyriske. Historiske opprulleringar og små glimt. Og alt i mellom. Fortalt med kvardagspuls og utan strenge sjangerkrav. Det er 153 bilete i RISS, der dei aller fleste er tatt i samanheng med produksjonen av denne boka. Dette gjev boka ei eiga visuell ramme.

Kapitla er dei fire årstidene, som set eigne riss i oss gjennom året.

Eksempel på historier i RISS:
- Ein arbeidsdag på vatnet når fjellaure skal bli rakfisk
- Korleis ein småfrekk gauk representerer sitt eige urverk her i dalen
- Revolusjonen i skogsdrifta gjennom ein mannsalder
- Folka som berre er der når du treng dei som mest
- Fargar, smakar, lydar og lukter som ein kjenner att her
- Hagane vi ikkje trudde vi kunne finne i Valdres

Skribentar:
Fredrik Dieserud, Olav Norheim, Egil Heggen, Ida Nordland Hillestad, Kari Hauge, Andrea Agatha Grøneng, Pernille Ødegård, Ida Ask, Jørand Ødegård Lunde, Aud Søyland, Ørnulf Juvkam Dyve, Knut Aastad Bråten, Kjellbjørn Karsrud, Ingunn Vedvik Jensen, Ingrid Ødegård, Magni Kristin Moe Westgård, Tone Thorgrimsen, Johanna Fuglesteg, Marit Beate Kasin, Guro Helgesdotter Rognså, Kirsten Inga Kamrud, Bergljot Strand, Ylve Gudheim, Anders Brenno, Magny Karlberg og Nils Rogn.

Fotografar:
Yngve Ask (Scanout) er hovudfotograf.
Fredrik Holte Breien, Ida Ask, Cathrine Dokken og Thor Østbye har også bidrege.

Utgjevar er Valdres Natur- og Kulturpark.
Redaktør: Ylve Gudheim
Omfang: 320 sider
Pris: 599 kr

Utsalstader:
Norli på Fagernes Kjøpesenter, Museumsbutikken til Valdres Folkemuseum, Bakeriet i Valdres (Aurdal), Turistkontoret til Visit Valdres, Joker Vaset, Coop Prix Fjellvang (Vang), Intersport Filefjell A/S, Bygdebørsen i Etnedal Sporten i Bagn og Interiørsenteret på Leira!

Fleire glimt frå boka RISS:

Kunstnaren Dag Gimle i artelieret sitt i Vestre SlidreDag Gimle er ein av fire kunstnarar som fortel om korleis årstidene, fargane og landskapet i Valdres går frå synsinntrykk til penselstrøk på lerretet. Andrea Agatha Grøneng skildrar desse kunstnarblikka og Yngve Ask har teke foto.

Å vandre i historia på nye måtar. Nils Rogn skildrar ein trugetur langs Kongevegen i blåtimen. Fotograf Yngve Ask tok med drona si.

Ungdommane ved Valdres gatebil sitt mekketilbod Garasjin.Garasjin er eit mekketilbod og ein møteplass for ungdom. Med skiftenøkkel i handa og sveisehjelm på hovudet er det kanskje lettare å prate om dei litt vanskelege tinga òg. Ida Ask skildrar ein kveld i mekkeverkstaden til Valdres Gatebil i Aurdal. Yngve Ask har teke foto.

Bereke Sium Sahalu visste ikkje heilt kvar han hadde kome då han steig av bussen i Valdres. Flukta frå Eritrea endte her. No ser han på folka i Valdres som sin nye familie. Ida Nordland Hillestad har skrive denne, og tre andre historier der ho fekk kome tett på. Foto: Yngve Ask.

Kari Birgit Lien og jaktlaget ho er ein del av har spanande dagar under elgjakta og eit berekraftsperspektiv rundt hausting av naturens fantastiske goder. Magni Kristin Moe Westgård er med jaktlaget til fjells og har skrive historia "Det går i ring". Yngve Ask har tatt bilete.

Tekst: Lene Hovi
Valdres Natur- og Kulturpark
For meir informasjon og evt. spørsmål om kjøp eller distribusjon, send e-post til redaksjonen@valdres.no

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: