Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.
Amerikabrev
Om
A: Foredrag om Amerikabrev v/Linda Stewart, etnolog og prosjektmedarbeidar ved Norsk Utvandrermuseum. Stewart kom for nokre år sidan med boka Amerikabrev, der ho ga ein nedanfråskildring av norsk emigrasjonshistorie gjennom å nærlese ei konkret kvinne sine brev og svarbrev.
B: Emigrantvisekonsert v/Stampestuen. Stampestuen plukkar opp gløymde songar om sterke personlegdomar med fengslande livshistorier. På debutalbumet «Brev fra Amerika» tolka dei songar av nokre av dei mange nordmennene som emigrerte til Amerika. Stampestuen ønskjer først og fremst å vera historieforteljarar, og slik gje lyttaren eit innblikk i dei mange skjebnane som skjuler seg bak desse tekstane. Medlemmane i Stampestuen er etablerte musikarar i den norske jazz- og tradisjonelle musikkscenen, med felles interesse for gamle songar og historier. Stampestuen er: Beate Børli Løkken (vokal, dulcimer), Marius Graff (gitar, mandolin, banjo, vokal), Jon Hjellum Brodal (fele, hardingfele) og Anders Lillebo (gitar, munnspel, trekkspel, trørorgel, vokal).
TID: Torsdag 20. november. Foredrag kl 18.00, konsert kl 19.30
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Vaksen kr 250,- / UngINN kr 100 / born gratis
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum, Jørn Hilme-stemnet og Valdresmusea
TripAdvisor
Kart
Utforsk regionen2900 Fagernes
Åpningstider
Valdres Folkemuseum (20 nov 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Torsdag | 18:00 |