Valdres Natur- og Kulturpark - skjerper sansane
Valdres Natur- og Kulturpark er eit kommunalt oppgåvefellesskap eigd av dei seks valdreskommunane Sør-Aurdal, Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang.
Valdres Natur- og Kulturpark skal vera ein koplingsboks og styrke samhandling mellom kommunar, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande. Vi skal samhandle om å laga produkt og opplevingar som er unike etter sin eigenart, og som vi kan bygge ei sterk merkevare på - Merkevara Valdres.
Gjennom langsiktig merkevarebygging, samarbeid og lokal styring, er målet verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. I fellesskap skal vi bygge framtida tufta på vår unike kombinasjon av folk, natur, kultur og næring.
Les meir om våre prosjekt her
Oversikt over tilsette i Valdres Natur- og Kulturpark
Merkevara og verdigrunnlaget
I merkevarebygginga skal Valdres ha eit særleg fokus på:
Berekraft
Merkevara Valdres skal byggast på ein tilnærming til FNs berekraftsmål.
Kultur
Merkevara Valdres skal byggast på ein identitet knytt til vår sterke lokale kultur. Her skal vi legge vekt på det vide kulturomgrepet som omfattar alt frå tradisjonskultur og kulturminne, til eit ope møte med det moderne kulturuttrykket i Valdres. Våre kvalitetsstandardar skal til saman synleggjera vår rike matkultur, handverkskultur, byggetradisjonar, kulturlandskap, stølskultur, biletkunst, musikk, dans, lyrikk og forteljartradisjonar. Festivalane er eitt av fyrtårna i kultursatsinga.
Det gode og moderne liv i Valdres
Merkevara Valdres skal ha sitt utspring i vårt lokalmiljø, eit lokalmiljø som det vil vera positivt å identifisere seg med og appellere til vår felles draum om det gode liv. Valdres skal vere ein god region å bu og leve i.
Les meir om merkevara Valdres som visuell identitet her
Kontakt oss
Besøksadresse: Skrautvålvegen 77, 2900 Fagernes
Tel: 61 35 94 50
E-post: post@valdres.no / region@valdres.no
Våre publikasjoner
Stavkirkeguiden 2017
Byggeskikkveileder 2012
Kulturminneåret 2009 "Vekas kulturminne" samlet