Jakta på Snartemosverdet
Om
Torsdag 27. november kjem arkeolog og forfatter Jan Ingar Thon for å halde foredrag om jakten på Snartemosverdet.
Snartemosverdet vart funne i ei germansk høvdinggrav i 1933. Det var dekorert med norrøne gudar og monstrar, og saman med sverdet låg eit vove band dekorert med hakekors. Dette vart lagt merke til utanfor Noregs grenser – ikkje minst i Tyskland.
Kort tid etter den tyske invasjonen i 1940 dukka ein av dei fremste naziarkeologane, SS-offiseren Herbert Jankuhn, opp i Oldsaksamlinga. Han informerte om at norsk arkeologi no stod under SS’ «vern». Det vart snart klart kva dette «vernet» innebar. For då fekk Oldsaksamlinga eit brev. Det kom frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet i okkupasjonsregjeringa. Departementet bad Oldsaksamlinga om å utlevere ein gjenstand «for eit bestemt føremål». Nemleg SS-førar Heinrich Himmlers nært føreståande Noregsbesøk. Klenodiet vart imidlertid flytta til eit kvelv under det ordinære bankkvelvet til sparebanken på Fagernes...
Det er moglegheit for å kjøpe den nye boka.
Kafeen er open i forkant av foredraget.
Om foredragshaldaren
Jan Ingar Thon (f. 1968) er arkeolog, journalist og forfattar. Han har ein forkjærleik for å grave i ting – enten det gjeld gløymde sivilisasjonar, historiske løyndomar eller moderne kriminalsaker. I 2023 gav han ut boka Ein farleg mann. Om bygdesladder, venskap og drap i Indre Austfold.
TripAdvisor
Kart
Utforsk regionenÅpningstider
Valdres Folkemuseum (27 nov 2025) |
---|