KanErVil - FestiValdres
Om
KanErVil – FestiValdres
Oppvask og Strandefjorden Sang og Rytme inviterar til den tradisjonelle KanErVil – FestiValdres 12.-13. Juni i Fagernes kulturhus
Av og med menneske med utviklingshemming, men for nettopp deg.
Gruppene Kan mykje, Er flinke og Vil vise fram det dei har jobba med.
Og når dei står på scenen med si store sangglede blir det Fest i Valdres.
Difor ga eg festivalen namnet KanErVil – FestiValdres.
Og for sjette gong er tema for festivalen GLEDE.
Stikk du innom garanterar me at du får rikelig med Glededråpar
rå gruppene som og skal markera 40-års jubileum i haust.
At alle får eit rom i lokalmiljøet er det rette,
festivalen starta eg nettopp på grunn av dette.
Her er mange festivalar i Valdres frå før ja,
men festivalen vår er også flott å ha.
Fredag opnar me dørane kl. 18.00 til sangkafe på Kulturhuset der arrangørane opptrer innimellom gratis servering og åresalg med flotte premiar.
Laurdag blir det workshop frå 11.00 - 15.00 og kl. 17.30 blir det servering, konsert og dansemusikk med gjestene Real Trøkk og The Big Bang.
Bente Hove Pedersen Stundal
-Initiativtakar/Festivalsjef
Fredag 12.06.
kl. 17.30-20.30
Sangkafe
Oppvask underheld
Servering av kaffi, kaker mm
Åresalg med flotte premiar
Laurdag 13.06.
kl. 11.00-15.00
Workshop med The Big Bang, Real Trøkk og Oppvask
kl.17.30 Konsert med alle gruppene
Servering av pølser og brus
Dansemusikk ved Real Trøkk og The Big Bang
Alle arrangement inkl. servering er gratis men me set pris på støtte til vårt arbeid.
Vipps #575965
TripAdvisor
2900 Fagernes
Tlf: (+47) 61 35 94 10






