Kulturhistoriske turar med vennelaget
Om
Bli med på kulturhistoriske bilturar
Vennelaget markerer jubileumsåret med å arrangere ulike kulturhistoriske turar i sommar, utflukt i privatbilar. Skyssen blir finansiert ved fordeling på passasjerane. Servering av kaffi og kringle på kvar tur. Ta gjerne med kopp, og i alle fall gode klede og skotøy. Gratis for medlemmer, ikkje medlem kr. 140.
19. juni kl 18:00. Tur til Valdres Folkemuseum og skiferbrotet i Øystre Slidre
Denne kvelden er det taktekking og skiferindustri som er tema. Først vil Odd Arne Rudi vise skifertekte tak på museet. Han fortel om døme på tak, tekking og vedlikehald. Så drar vi saman i bilar til Skiferbergo i Øystre Slidre. Der er Per Gunnar Veltun vertskap. Han fortel frå historia rundt drifta, og korleis industrien etter kvart kom til å påverke lokalsamfunnet. Det blir omvising i utstillinga og etterpå høve til å gå ei kulturløype for den som vil. Oppfordring: Gi gjerne kr 100 til skifermuseet. Oppmøte på museet, torsdag 19. juni kl. 18.
3. juli kl 09:00. Heildagstur til brøtningsdammar
Guida tur v/ Torodd Lybeck. Turen går via Begna til Øyvassdraget, Fluberg og Dokka tilbake til Fagernes. Det blir stopp ved Nypebudammen, Storøyvassdammen, Skjellbreiddammen, Buvassdammen og Gramsæterdammen. Samarbeid med Nord-Aurdal mållag. Oppmøte på museet, torsdag 3. juli kl. 9, tilbake ca. kl. 18.
24. juli kl 18:00. Tur til Kvien på museet og til Åbjøra Mølle
Temaet er «korn blir mat», og vi lærer om tresking, tust, maskin og maling av korn. Me startar på museet, ved hestevandringa på Kvien. Deretter drar vi til Åbjøra Mølla i bilar. Guida tur v/ Reidun Dølehuset. Oppmøte på museet, torsdag 24. juli kl. 18.
4. september kl 18:00.Tur til smier på museet og Ulven i Vestre Slidre
Denne kvelden er temaet «smeden - smie, nytte og kunst». Starte ved smia på museet, så smia ved Ulven i Vestre Slidre. Oppmøte på Valdres Folkemuseum, torsdag 4. september kl. 18.
Inga påmelding, her er det berre å møte opp. Vel møtt! Har du spørsmål, kontakt Oddrun Hegge tlf. 971 76 868, eller Gunnar Modén tlf. 924 25 919.
Vennelagstur til Hedalen i buss
Vennelaget arrangerer ny kulturhistorisk busstur laurdag 2. august. Vi skal besøke Hedalen stavkyrkje, Bautahaugen Samlinger/Hedalen kulturfestival, Vatneberget og Goplerud gardsmuseum. Det blir felles kaffi/biteti undervegs, medan deltakarane sjølve kjøper mat på Bautahaugen.
Pris for buss, guiding, inngang og kaffi m/kringle: Kr. 500 for medlemmer av Vennelaget, kr. 700 for ikkje-medlemmer. Avreise kl. 10 med buss frå parkeringsplassen på Valdres Folkemuseum. Vi reknar med å vera attende ca. kl. 18.
Påmelding innan 10. juli til Gunnar Modén, tlf. 924 25 919 eller på epost til gunnar@moden.as.
TripAdvisor
Kart
Utforsk regionenÅpningstider
Heildagstur til brøtningsdammar (3 jul 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Torsdag | 09:00 | - 18:00 |
Tur til Kvien på museet og til Åbjøra Mølle (24 jul 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Torsdag | 18:00 |
Tur til smier på museet og Ulven i Vestre Slidre (4 sept 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Torsdag | 18:00 |