Kurs i å lage varevindu
Om
Me som er så heldige å bu i gamle hus kan gjerne få ei kjensle av at det kan vera litt kaldt om vinteren. Heldigvis er det grep ein kan gjera for å få det betre. Tetting av trekk, etterisolering på rett måte, og, setja inn varevindauge i glasa. Dette siste er kanskje der ein kan føla det mest, og der effekten blir størst. For ofte er det ikkje varevindauge i dei gamle glasa, og det kan vera vanskeleg å få nokon til å lage slike.
Difor tenkjer me på Valdresmusea at det å ha kurs i dette, slik at me kan laga våre eigne varevindauge, og også læra korleis me best skal montera dei, at det vil vera eit godt tiltak for at fleire av desse viktige bygningsdetaljane som dei gamle glasa er, vert tekne vare på! Gode kopiar kan vera bra, men kva er vel betre enn originalen?
FAKTA OM KURSET
INSTRUKTØR: Tone Bråthen
TID: 3., 4. og 5. mai (24 timar). Kveldsforedrag som er ope for alle, fredag 3. mai.
STAD: Slidrehuset på Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 3.800 inkl. materialar (rabattpris kr 3.300 for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort til Valdresmusea).
PÅMELDINGSFRIST: 20. april 2024.
MÅLGRUPPE: Kurset er ope for alle, men det er ein fordel med litt praktisk bakgrunn.
ARRANGØR: Valdresmusea as
Med atterhald om endringar
LES MEIR OM VAREVINDU HER
VARMEISOLERING AV GAMLE VINDUER
SPØRSMÅL OG PÅMELDING
til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
NB: All påmelding via påmeldingsknappen under eller ved å kontakte Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.
BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.
TripAdvisor
Åpningstider
Valdres Folkemuseum (3 mai 2024 - 5 mai 2024) |
---|