Kva er vitsen? Boklansering på Valdres Folkemuseum
Kart
Utforsk regionen
Tyinvegen 27
2900 Fagernes
2900 Fagernes
Åpningstider
Valdres Folkemuseum (28 okt 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Tirsdag | 19:00 |
Du er her Hva skjer > Kva er vitsen? Boklansering på Valdres Folkemuseum
Ingar Ranheim (1953–2024) var folkemusikar, dansar, historikar – og ein stor humorist. Ved hjelp av djupe, lune, barnslege, underfundige, morosame og alvorlege vitsar og historier takla han følgjesveinen gjennom tjue år, herr Parkinson. På slutten av livet skreiv han ned desse vitsane, med god hjelp av dottera Ragnild, og no kjem dei i bokform på Kvitvella Forlag. Boka har fått tittelen Kva er vitsen?, – ein tittel med dobbel botn, som mange av historiene.
Ingar Ranheim var konservator og direktør ved Valdres Folkemuseum, og han var aktiv i Vårflaumen spel- og dansarlag. Kva er vel meir naturleg enn å lansere boka på Valdres Folkemuseum, i samarbeid med museet og Vårflaumen?
Læreguten Bjørn Strand vil fortelja om Ingar, Ragnhild Ranheim Lome fortel om boka, og det blir langeleikspel og innslag av dans. Alle er hjarteleg velkomne.
TID: Tysdag 28. oktober kl. 19.00. Kaffi og kaker blir servert frå kl. 18.30.
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
ARR: Kvitvella forlag, Vårflaumen og Valdresmusea
Gratis inngang.
Valdres Folkemuseum (28 okt 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Tirsdag | 19:00 |
Visit Valdres AS
Jernbanevegen 7
2900 Fagernes
Tel: (+47) 401 89 118
info@visitvaldres.no
Valdres Natur- og Kulturpark
Skrautvålvegen 77
2900 Fagernes
Tel: +47 61 35 94 50
post@valdres.no
© Visit Valdres og Valdres Natur- og Kulturpark 2025. All Rights Reserved