Ny leikeplass på museet – bli med!
På Valdres Folkemuseum er vi i gang med å lage eit nytt leikeområde på festplassen. Vi tek utgangspunkt i stadens kvalitetar og gode samarbeid. Naturmaterialar, nærleik til vatn og tradisjonshandverk får spele ei sentral rolle på ein stad som allereie er ein møteplass for barnehagar og skular – til kvardags, fest og leik.
Vil du bidra?
Vi inviterer til dugnad! Bli med og sage, kviste, barke, dra fram og klargjere fleire materialar frå skogen.
TID : Tysdag 28. oktober 2025 kl. 12–15
STAD : Valdres Folkemuseum
Vi byr på kaffi, pølse og lompe! Ta med hanskar og egna klede.
PÅMELDING : Gi beskjed om du vil vere med til Tonette Eberspacher
tlf. 480 72 651 / tonette.eberspacher@valdres.museum.no
Kva har skjedd så langt?
Uike miljø har vore involvert i planlegginga
Tørrmurar er bygde i samarbeid med ungdom
Sandkasser er lafta på kurs for både ungdom og vaksne
Ei vasspumpe er straks montert i ein av kassane, og det er bora hol for vassrenner
Store steinar er plasserte for leik og klatring
Kva skjer videre?
Vi skal montere vassrenner
Lage balanseøyper
Rydde sti ned til strandsona
Arbeidet skjer i samarbeid med DNB Sparebankstiftelsen.