Skikkelege folk
Kart
Utforsk regionenÅpningstider
Valdres Folkemuseum (24 sept 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Onsdag | 19:00 |
Du er her Hva skjer > Skikkelege folk
Var du nøysam og flittig, viste du omtanke for andre og var til å stole på? Hadde du reine laken på klessnora og pene blomster i vindauget? Da hadde du krav på respekt og ære. Er det slik framleis?
I boka Skikkelige folk skildrar Ingar Kaldal denne moralkoden og spør om skikkelegheitskulturen er i ferd med å gå tapt i ei tid der meir og meir av livet styrast av konkurranse og skjermar.
Skikkelegheita var ein vei til ære og anerkjenning uavhengig av rikdom og sosial rang. Den handla om å vise flid og omsyn, vere til å stole på, vere ærleg, høfleg og lojal og om å yte sin skjerv.
Kaldal finner denne kulturen i minner og fortellingar om kvardagslivet før i tida. Gjennom historiske sveip frå 1800-talet til i dag viser han korleis den spilte seg ut på varierande måtar i ulike miljø: frå byen, via fabrikken til skogen og inn i heimen, frå fredstid til krigstid og attende igjen.
Kvifor og korleis var skikkeligheten verdifull – for menneska og for fellesskapet? Og kva har skjedd med den i dag?
Velkomen til foredrag om skikkelegheit ved historikar Ingar Kaldal.
TID: Tysdag 24. september 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (Under 26 år kr 50)
ARR: Valdresmusea
Valdres Folkemuseum (24 sept 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Onsdag | 19:00 |
Visit Valdres AS
Jernbanevegen 7
2900 Fagernes
Tel: (+47) 401 89 118
info@visitvaldres.no
Valdres Natur- og Kulturpark
Skrautvålvegen 77
2900 Fagernes
Tel: +47 61 35 94 50
post@valdres.no
© Visit Valdres og Valdres Natur- og Kulturpark 2025. All Rights Reserved